158 research outputs found

    Book Review

    Get PDF

    Ernst Håkon Jahr: Language planning as a sociolinguistic experiment. The case of modern Norwegian.

    Get PDF
    I 2014 gav Ernst Håkon Jahr ut ei bok på engelsk som er ei vidareføring av den eldre Utsyn over norsk språkhistorie etter 1814 (1989), og som samanfattar tema Jahr har arbeidd med heilt sidan hovudfagsoppgåva om Østlandsk reisning frå 1976. Dei analytiske grepa i Language planning … vart så innarbeidde i ei ny norsk utgåve av Utsyn som fører framstillinga fram til i dag, der den eldre boka blir omtala som “utkast” (Jahr 2015: 153). Dei to nye bøkene har same inndeling og overordna grep og kan godt vurderast samla, men dei er naturleg nok tilpassa publikum med ulike kunnskapar om norsk ålmenn- og språkhistorie. Eg tek utgangspunkt i den engelske boka (2014), men det meste som blir sagt om ho, gjeld òg den norske (2015). Eg viser til dei to bøkene med utgjevingsår der eg kommenterer likt og ulikt

    Nokre sider ved det norske kasusbortfallet i seinmellomalderen

    Get PDF
    Dei fleste skandinaviske varietetar har mista kasusbøyinga av substantiv heilt, medan færøysk har mista genitiv. Men nokre dialektar i Noreg og Sverige har framleis dativ. Dette viser til mellomsteg i utviklinga som kan følgjast i kjeldene frå seinmellomalderen. Artikkelen argumenterer for at kasusbortfallet skjedde i to etappar: Først fall leksikalsk genitiv saman med dativ, illustrert her med styringstilhøva ved gamle genitivpreposisjonar. Da nominativ og akkusativ seinare fall saman, heldt dativ seg distinkt i eit tokasussystem som er kjent frå dialektane. Endringar i bøyinga av þessi ‘denne’ viser korleis paradigmatiske endringar gjorde dativforma tydelegare. I båe endringane er det rettare å snakke om samanfall av kasus enn bortfall, som mellom anna nokre pronomenformer viser. Artikkelen kombinerer data frå tradisjonelle dialektar med døme frå seinmellomalderkjelder og diskuterer utviklinga i jamføring med færøysk, tyske dialektar og ålmenne tendensar i utviklinga av kasussystem

    Bente Lavold og John Ødemark (red.): Reformasjonstidens religiøse bokkultur cirka 1400–1700: tekst, visualitet og materialitet

    Get PDF
    Denne antologien er eit resultat av eit seminar med same namn som vart halde i Nasjonalbiblioteket i Oslo 20. februar 2015. Deltakarane, no forfattarane, representerer ulike fag, men med felles interesse for eldre, religiøs bokkultur. Dermed er dette verkeleg eit tverrfagleg prosjekt

    Ei boksamling frå reformasjonstida og norsk litterær kultur i seinmellomalderen

    Get PDF
    Det er få kjelder til kva bøker som vart lesne i Noreg i seinmellomalderen, men ei liste over boksamlinga åt domkapittelet i Trondheim ikring 1550 gjev eit unikt innsyn i norsk bokhistorie ved utgangen av mellomalderen og viser mellom anna at fleire renessansehumanistar var kjende her nord. Denne kjelda til latinkulturen vert sett i samband med det me veit om folkemålskulturen, både original litteratur og bruken av norrøne handskrifter. Dei norske tilhøva vert så jamførte med Island for å sjå etter faktorar som kan forklara skilnader mellom landa i tekstproduksjon og lesing. I ein breiare kulturhistorisk kontekst gjev ei oppvurdering av den munnlege kulturen saman med vekt på den moderne importerte litteraturen boklista fortel om, grunnlag for å revurdera den einsidige oppfatninga av seinmellomalderen som ei kulturell nedgangstid i Noreg

    Agnete Nesse: Innføring i norsk språkhistorie

    Get PDF
    For første gong på ein del år har me fått ei ny innføringsbok i norsk språkhistorie for studentar i norsk/nordisk, skriven av professor Agnete Nesse ved Høgskolen i Bergen (utgjeven medan ho var postdoktor ved UiB). Nesse har sjølv arbeidd med lågtysk i Bergen i tidleg nytid, dialektane i Bergen og Bodø, skriftspråk i dansketida og utviklinga av radiotalemålet på 1900-talet, og har såleis ein brei bakgrunn for å gje seg i kast med eit slikt prosjekt

    Sparse neural networks with skip-connections for identification of aluminum electrolysis cell

    Full text link
    Neural networks are rapidly gaining interest in nonlinear system identification due to the model's ability to capture complex input-output relations directly from data. However, despite the flexibility of the approach, there are still concerns about the safety of these models in this context, as well as the need for large amounts of potentially expensive data. Aluminum electrolysis is a highly nonlinear production process, and most of the data must be sampled manually, making the sampling process expensive and infrequent. In the case of infrequent measurements of state variables, the accuracy and open-loop stability of the long-term predictions become highly important. Standard neural networks struggle to provide stable long-term predictions with limited training data. In this work, we investigate the effect of combining concatenated skip-connections and the sparsity-promoting 1\ell_1 regularization on the open-loop stability and accuracy of forecasts with short, medium, and long prediction horizons. The case study is conducted on a high-dimensional and nonlinear simulator representing an aluminum electrolysis cell's mass and energy balance. The proposed model structure contains concatenated skip connections from the input layer and all intermittent layers to the output layer, referred to as InputSkip. 1\ell_1 regularized InputSkip is called sparse InputSkip. The results show that sparse InputSkip outperforms dense and sparse standard feedforward neural networks and dense InputSkip regarding open-loop stability and long-term predictive accuracy. The results are significant when models are trained on datasets of all sizes (small, medium, and large training sets) and for all prediction horizons (short, medium, and long prediction horizons.)Comment: 8 pages, 5 figures, 2 table
    corecore