1 research outputs found

    ”No byggjer vi nye Høyanger” - Ein diskursanalytisk studie av omstillingsprosessen i Høyanger

    Get PDF
    Oppgåva omhandlar omstillingsprosessen i Høyanger kommune. Med utgangspunkt i ei diskursanalytisk tilnærming, har eg fokusert på korleis Høyanger som stad narrativiserast, korleis dette endrar seg gjennom ein omstillingsprosess, samt korleis dette formar aktørar sin praksis og stad som ein materiell lokalitet. Den teoretiske tilnærminga har gjort det muleg å fokusere på korleis aktørar gir stad meining, og korleis dette meiningsinnhaldet formar ulike val, tiltak og handlingar som legg føring på stad- og næringsutvikling i Høyanger. Studiet visar at Høyanger er ein stad i endring. Ei grensesetjande hending som Hydro si utfasing endrar korleis staden diskursivt konstruerast, og dermed kva utvikling aktørar opplev som riktig utvikling for framtida. Samtidig legg fortidas næringsstruktur sterke føringa på korleis aktørar gir staden meining, og industri og industrirelatert kompetanse opplevast som staden sin fordel. Både den dominerande måten å narrativisere stad, samt narrativet om nye Høyanger, eller staden i omstilling, kan dermed forståast som å forme Høyanger som lokalitet. Studie har difor fokusert på både abstrakte og konkrete forhold som fremjar eller hemmar framtidig utvikling, samt korleis normer verdiar og haldningar på stad influerar denne utviklinga gjennom korleis førestillingar og meining for utfall i praksis. I tillegg har studiet vist at stad er dynamisk og mangfaldig. Dei er eit resultat av dynamikken mellom historisk utvikling, narrativ og representasjonar av stad, ein stads materielle eigenskapar. Desse forholda formar praksis og kva retning den framtidige utviklinga tar
    corecore