3 research outputs found

    Chunks in the classroom: An experiment on the use of Cognitive Linguistic principles in academic vocabulary instruction among Norwegian upper secondary ESL-students

    Get PDF
    Ordsekvensar, også kalla ‘chunks’ på engelsk, er ein viktig del av det engelske vokabularet. Denne masteroppgåva undersøkjer mogelege effektar av å bruka læringsstrategiar inspirert av kognitiv lingvistikk i undervisning av akademiske ordsekvensar. Forsking frå kognitiv lingvistikk viser at dei semantiske og strukturelle eigenskapane ved mange ordsekvensar ikkje er tilfeldige. Dei kan forklarast med utgangspunkt i prinsipp om likskap eller nærleik som dannar grunnlag for til dømes metaforar, rim og allitterasjonar. Lingvistiske studiar viser også at undervisningsmetodar som fører til auka forståing av desse mekanismane, og auka evne til å kjenna igjen ordsekvensar i språket, er pedagogisk effektive. For å undersøkja desse effektane nærmare, vart det gjennomført eit eksperiment med to eksperimentgrupper og ei kontrollgruppe. Deltakarane gjennomførte fire ulike oppgåver. Masteroppgåva måler bruk, evne til gjenkjenning og forståing av ordsekvensar. Den same testen vart nytta som pre-test og post-test før og etter eit undervisningsopplegg. Dette undervisningsopplegget nytta didaktisk metode basert på teori om ‘chunks’. Testresultata blei analysert med ein ANCOVA-test, som presenterte blant anna sannsynsverdiar (p-verdiar) og verdiar for effektstorleik, samt statistisk deskriptive mål i form av gjennomsnittsverdi og standardavvik. Studien fann at læringsopplegget hadde ein liten, positiv effekt på gjenkjenning av ordsekvensar, men at opplegget ikkje hadde signifikant effekt på eksperimentdeltakarane sin bruk og forståing av ordsekvensar. Analysen indikerte også at akademiske idiom er særleg eigna i undervisning inspirert av kognitiv lingvistikk. Funn i oppgåva tyder også på at høgt-presterande og homogene klassar får større utbyte av undervisningsopplegg basert på kognitiv lingvistisk teori.Engelsk mastergradsoppgåveMPENGLZMPHFFAKMAHF-ENGMAHF-LÆFRENG35

    Internett-debattar om skuleuniform : om haldningar til bruk av skuleuniform blant elevar og foreldre i USA og Noreg

    Get PDF
    Oppgåva er ei undersøking av oppfatningar om uniformering i skulen. Oppgåva samanliknar meiningar blant elevar og foreldre i USA og i Noreg, i ei drøfting av seks Internettdebattar, og viser skilnader mellom ulike typar og variantar av uniform. Oppgåva studerer også uniformering i historisk kontekst, ved å samanlikna bruk av uniform og ulike tenkemåtar og veremåtar i det moderne og det postmoderne. Vidare skisserer oppgåva kategoriar av argument for og mot bruk av skuleuniform, i lys av relevant sosiologisk litteratur og nyare studiar av bruk av skuleuniform i USA. Kategoriane er meint som teoretiske utgangspunkt og reiskapar for å tolka meiningar og påstandar om skuleuniform blant debattantar på Internett. Kategoriane blir også brukt som utgangspunkt for å studera uniformering i skulen i lys av klede som sosialiserande materiell, og i lys av spørsmål om integrasjon. Oppgåva bruker kvalitativ og kvantitativ tekstanalyse for å undersøkja Internettdebattar. Ved hjelp av tabellar viser oppgåva kva argument som er mest brukt. Argumenta blir vekta ut frå blant anna relevans og informativitet. Argument som er brukt mykje og argument som blir brukt meir av somme debattantar enn andre, blir drøfta meir inngåande. Datamaterialet som blir brukt i oppgåva er debattar henta frå Internett. Talet på brukarar av Internett veks raskt i mange land, og i Noreg og USA er det kun eit mindretall av innbyggjarane som ikkje har erfaringar med Internett. Det kan derfor hevdast at Internett blir stadig meir relevant som utgangspunkt for studiar, ettersom brukarane i større og større grad er representative for innbyggjarane. Mange vil sjå bruk av skuleuniform som eit politisk tema. Forsking på politiske standpunkt blant Internettdebattantar introduserer problemstillingar som før har vore knytta til blant anna opinionsmålingar ved politiske val. Dette gjeld til dømes framstillingane av nyhende i ulike medier. Oppgåva viser nokre nærliggjande problemstillingar knytt til opinionsdanning, og til måten medier påverkar innbyggjarar. Oppgåva viser blant anna at debattantar frå USA er meir opptekne av tryggleik enn norske debattantar, mens norske debattantar er meir opptekne av mobbing. Debattantar frå USA legg også større vekt på familieverdiar enn norske debattantar. I tillegg viser debattane at foreldre er meir positive til uniformering i skulen enn elevar. Denne forskjellen ser ut til å vera større i Noreg enn i USA. Oppgåva drøftar ulikskapar i oppfatningar om uniformering i skulen i lys av nyare litteratur innan pedagogikk, sosiologi og filosofi som analyserer generell samfunnsutviklin

    Chunks in the classroom: An experiment on the use of Cognitive Linguistic principles in academic vocabulary instruction among Norwegian upper secondary ESL-students

    Get PDF
    Ordsekvensar, også kalla ‘chunks’ på engelsk, er ein viktig del av det engelske vokabularet. Denne masteroppgåva undersøkjer mogelege effektar av å bruka læringsstrategiar inspirert av kognitiv lingvistikk i undervisning av akademiske ordsekvensar. Forsking frå kognitiv lingvistikk viser at dei semantiske og strukturelle eigenskapane ved mange ordsekvensar ikkje er tilfeldige. Dei kan forklarast med utgangspunkt i prinsipp om likskap eller nærleik som dannar grunnlag for til dømes metaforar, rim og allitterasjonar. Lingvistiske studiar viser også at undervisningsmetodar som fører til auka forståing av desse mekanismane, og auka evne til å kjenna igjen ordsekvensar i språket, er pedagogisk effektive. For å undersøkja desse effektane nærmare, vart det gjennomført eit eksperiment med to eksperimentgrupper og ei kontrollgruppe. Deltakarane gjennomførte fire ulike oppgåver. Masteroppgåva måler bruk, evne til gjenkjenning og forståing av ordsekvensar. Den same testen vart nytta som pre-test og post-test før og etter eit undervisningsopplegg. Dette undervisningsopplegget nytta didaktisk metode basert på teori om ‘chunks’. Testresultata blei analysert med ein ANCOVA-test, som presenterte blant anna sannsynsverdiar (p-verdiar) og verdiar for effektstorleik, samt statistisk deskriptive mål i form av gjennomsnittsverdi og standardavvik. Studien fann at læringsopplegget hadde ein liten, positiv effekt på gjenkjenning av ordsekvensar, men at opplegget ikkje hadde signifikant effekt på eksperimentdeltakarane sin bruk og forståing av ordsekvensar. Analysen indikerte også at akademiske idiom er særleg eigna i undervisning inspirert av kognitiv lingvistikk. Funn i oppgåva tyder også på at høgt-presterande og homogene klassar får større utbyte av undervisningsopplegg basert på kognitiv lingvistisk teori
    corecore