2 research outputs found

    Djupneforståing i tradisjonelle prøvar - Ein kvalitativ studie av kapittelprøvar og elevsvar frå programfag i kjemi

    Get PDF
    Skriftlege prøvar er ei mykje brukt vurderingsform i norsk skule, også i programfaga kjemi 1 og kjemi 2. Dei er nokså enkle å gjennomføre, ein får testa mykje på ein gong, og elevane er vane med at produksjon av skriftlege svar er nødvendig for å vise kunnskapar og ferdigheiter. Likevel er dei tradisjonelle prøvane omdiskuterte med tanke på kva mogelegheiter dei faktisk gir for å vurdere elevane, og kva mogelegheiter elevane har til å få vist djupne i sine forståingar. Føremålet med mi masteroppgåve har derfor vore å sjå nærmare på gjennomførte prøvar for å undersøke kva elevsvara viser av kjemikunnskapar og djupneforståinga, med fokus på oppgåvene utan rekneaspekt. Datamaterialet analysen er gjort på er eit sett med 5 kapittelprøvar samla inn for 12 elevar frå ein kjemi 1-klasse, som eg fekk tilgang til gjennom rettleiar. Etter å ha sett meg inn i litteratur og forsking knytt til skriftlege prøvar som vurderingsform og djupnelæring, formulerte eg følgjande 4 forskingsspørsmål: 1) Korleis kan svarformatet til elevar på prøver i kjemi 1-faget koplast til kjemiforståing og djupnekunnskapar? 2) Har elevar som forklarar meir utfyllande rundt kjemiske svar på prøvar også større evne til å svare rett? 3) Kva kunnskapsformer nyttar elevar i ein kjemi 1-klasse på tekstoppgåver på prøvar, og kva mogelegheiter gir desse kunnskapsformene når det kjem til å vise djupnekunnskapar? 4) Kor godt fungerer SOLO-taksonomien i evaluering av prøvesvara i ein kjemi 1-klasse? I arbeidet er både oppgåver og elevsvar for prøvane blitt kategorisert. Resultata tyder på at oppgåvene har eit forbetringspotensiale når det kjem til å etterspørje djupnekunnskapar hos elevane, og at nokre elevar i utstrekt grad har tendensar mot å svare nokså mangelfullt på oppgåver. Der elevane svarar meir utfyllande nyttar dei seg av for det meste språklege kunnskapsformer som fakta, trendar/generelle samanhengar, definisjonar og grunngjevingar. Også symbolske kunnskapsformer som figurar og reaksjonslikningar er til stade i dei utfyllande svara, og desse har, slik eg ser det, ei unik evne til å få fram både djupne, samanhengar og misoppfatningar i elevane sine forståingar. Vidare tyder analyse ved hjelp av SOLO-taksonomien på at elevane i klassen gir svar som er på klart lågare SOLO-nivå enn ein skulle forvente frå aldersgruppa. Det kan tyde på at både lærarar og elevar har ein veg igjen å gå i eit djupnelæringsperspektiv, og at dei tradisjonelle (kapittel)prøvane ikkje er ei ideell vurderingsform slik dei står i dag.Masteroppgave i kjemiKJEM399KMAMN-KJE

    Djupneforståing i tradisjonelle prøvar - Ein kvalitativ studie av kapittelprøvar og elevsvar frå programfag i kjemi

    No full text
    Skriftlege prøvar er ei mykje brukt vurderingsform i norsk skule, også i programfaga kjemi 1 og kjemi 2. Dei er nokså enkle å gjennomføre, ein får testa mykje på ein gong, og elevane er vane med at produksjon av skriftlege svar er nødvendig for å vise kunnskapar og ferdigheiter. Likevel er dei tradisjonelle prøvane omdiskuterte med tanke på kva mogelegheiter dei faktisk gir for å vurdere elevane, og kva mogelegheiter elevane har til å få vist djupne i sine forståingar. Føremålet med mi masteroppgåve har derfor vore å sjå nærmare på gjennomførte prøvar for å undersøke kva elevsvara viser av kjemikunnskapar og djupneforståinga, med fokus på oppgåvene utan rekneaspekt. Datamaterialet analysen er gjort på er eit sett med 5 kapittelprøvar samla inn for 12 elevar frå ein kjemi 1-klasse, som eg fekk tilgang til gjennom rettleiar. Etter å ha sett meg inn i litteratur og forsking knytt til skriftlege prøvar som vurderingsform og djupnelæring, formulerte eg følgjande 4 forskingsspørsmål: 1) Korleis kan svarformatet til elevar på prøver i kjemi 1-faget koplast til kjemiforståing og djupnekunnskapar? 2) Har elevar som forklarar meir utfyllande rundt kjemiske svar på prøvar også større evne til å svare rett? 3) Kva kunnskapsformer nyttar elevar i ein kjemi 1-klasse på tekstoppgåver på prøvar, og kva mogelegheiter gir desse kunnskapsformene når det kjem til å vise djupnekunnskapar? 4) Kor godt fungerer SOLO-taksonomien i evaluering av prøvesvara i ein kjemi 1-klasse? I arbeidet er både oppgåver og elevsvar for prøvane blitt kategorisert. Resultata tyder på at oppgåvene har eit forbetringspotensiale når det kjem til å etterspørje djupnekunnskapar hos elevane, og at nokre elevar i utstrekt grad har tendensar mot å svare nokså mangelfullt på oppgåver. Der elevane svarar meir utfyllande nyttar dei seg av for det meste språklege kunnskapsformer som fakta, trendar/generelle samanhengar, definisjonar og grunngjevingar. Også symbolske kunnskapsformer som figurar og reaksjonslikningar er til stade i dei utfyllande svara, og desse har, slik eg ser det, ei unik evne til å få fram både djupne, samanhengar og misoppfatningar i elevane sine forståingar. Vidare tyder analyse ved hjelp av SOLO-taksonomien på at elevane i klassen gir svar som er på klart lågare SOLO-nivå enn ein skulle forvente frå aldersgruppa. Det kan tyde på at både lærarar og elevar har ein veg igjen å gå i eit djupnelæringsperspektiv, og at dei tradisjonelle (kapittel)prøvane ikkje er ei ideell vurderingsform slik dei står i dag
    corecore