62 research outputs found

    Vegetasjon og beite i Oppdal østfjell

    Get PDF
    Oppdal østfjell har i lange tider vore kjent for ein rik fjellflora dit botanikarar har valfarta. Næringsrik berggrunn er viktigaste årsak til det store artsmangfaldet her. Berggrunnen skapar også grunnlag for eit uvanleg godt beite for husdyr og villrein – noko av det beste fjellbeitet som finst i Sør-Noreg

    Vegetasjon og beite i Oppdal østfjell

    Get PDF
    Oppdal østfjell har i lange tider vore kjent for ein rik fjellflora dit botanikarar har valfarta. Næringsrik berggrunn er viktigaste årsak til det store artsmangfaldet her. Berggrunnen skapar også grunnlag for eit uvanleg godt beite for husdyr og villrein – noko av det beste fjellbeitet som finst i Sør-Noreg

    Kartmodell viser gjengroing

    Get PDF
    Det norske landskapet gror igjen med skog og kratt. En ny kartmodell viser hvilke områder i Norge som kan gro igjen

    Vegetasjon og beite i Heimfjellet, rapport frå vegetasjonskartlegging i Vågå kommune

    Get PDF
    Norsk institutt for bioøkonomi utførte sommaren 2015 vegetasjonskartlegging av eit område på 94 km² i Vågå kommune i Oppland fylke. Kartlegginga er gjort etter instruks for kartlegging i målestokk 1:20 000 - 50 000 – VK50. Kartlagt areal ligg i lågfjell, fjellbjørkebeltet og ned i barskogsona. Det er laga vegetasjonskart og 2 avleia temakart for beite for sau og storfe. Denne rapporten beskriv metode for kartlegging, registrerte vegetasjonstypar og deira fordeling i området. Det er gjeve ein omtale av beiteverdi og beitekapasitet, samt gjeve nokre råd kring skjøtsel av kulturlandskap og beite i kartleggingsområdet

    Vegetasjon og beite i Ulnes sameige - Rapport frå vegetasjonskartlegging

    Get PDF
    I Ulnes sameige er det vegetasjonskartlagt eit areal på 97 km². Det meste av arealet ligg i fjellskogen, men større areal av snaufjell finst. Kartlegginga er utført etter NIJOS sitt system for vegetasjonskartlegging i M 1:50.000. Det er framstilt vegetasjonskart og 2 avleia temakart kring beitetilhøve. Rapporten beskriv metode for arbeidet og gjev ei nærare omtale av registrerte vegetasjonstypar og korleis desse fordeler seg i området. Det er gjeve spesiell omtale av beitetilhøva for husdyr og tiltak for skjøtsel av utmarksbeite.publishedVersio

    Land cover in Norway based on an area frame survey of vegetation types

    Get PDF
    The Norwegian area frame survey of land cover and outfield land resources (AR18X18), completed in 2014, provided unbiased statistics of land cover in Norway. The article reports the new statistics, discusses implications of the data set, and provides potential value in terms of research, management, and monitoring. A gridded sampling design for 1081 primary statistical units of 0.9 km2 at 18 km intervals was implemented in the survey. The plots were mapped in situ, aided by aerial photos, and all areas were coded following a vegetation type system. The results provide new insights into the cover and distribution of vegetation and land cover types. The statistic for mire and wetlands, which previously covered 5.8%, has since been corrected to 8.9%. The survey results can be used for environmental and agricultural management, and the data can be stratified for regional analyses. The survey data can also serve as training data for remote sensing and distribution modelling. Finally, the survey data can be used to calibrate vegetation perturbations in climate change research that focuses on atmospheric–vegetation feedback. The survey documented novel land cover statistics and revealed that the national cover of wetlands had previously been underestimated.publishedVersio

    Vegetasjon og beite i Vestre Slidre statsallmenning og Grunke Sameie

    Get PDF
    Norsk institutt for bioøkonomi utførte somrane 2021 og 2022 vegetasjonskartlegging i Vestre Slidre kommune. Samla areal er 210 km². Kartlegginga er gjort etter instruks for kartlegging i målestokk 1:20 000 - 50 000 (VK25). Det er laga vegetasjonskart og to avleia temakart for beite for sau og storfe. Denne rapporten beskriv metode for kartlegging, registrerte vegetasjonstypar og deira fordeling i området. Det er gjeve ein omtale av beiteverdi og beitekapasitet, samt nokre råd kring skjøtsel av kulturlandskap og beite.Vegetasjon og beite i Vestre Slidre statsallmenning og Grunke SameiepublishedVersio

    Vegetasjon og beite på Hardangervidda

    Get PDF
    På oppdrag frå prosjektet ”Ecological effects of sheep grazing and the economy of sustainable husbandry in alpine habitats” (NFR, program ”Landskap i endring”) har Norsk inst. for skog og landskap utført ei beitegransking for store delar av Hardangervidda (6589 km²). Granskinga byggjer på ei ressurskartlegging utført i Skog og landskap sitt landsdekkande nett av prøveflater for prosjektet ”Arealrekneskap Noreg” (AR 18x18). Det er vidare nytta satellittfoto tolka i 5 arealklasser for å få uttrykk for beitekvalitet ned på beitelagsnivå. Det Kgl. Selskapet for Norges Vel sine beitegranskingar for Buskerud, Hordaland og Telemark frå 1940 og 50-talet, og eige feltarbeid på Vidda, har òg vore viktig grunnlag for dette arbeidet. Det meste av Hardangervidda er eit roleg høgfjellsplatå 1200-1400 moh. I vest blir terrenget meir kupert og mykje areal i sørvest ligg 1400-1600 moh. Også i nord blir terrenget meir kupert. Berggrunnen har store variasjonar. Kontrasten går mest mellom områda med kambrosilurberg på Hordalandsdelen av Vidda, og dei næringsfattige gneis og granittområda i Buskerud og Telemark. Næringsfattig er også kvartsittberggrunnen i sørvest. Lite lausavleiringar gjev her i tillegg eit landskap med mykje bart fjell. I aust er terrenget flatare med lausmassar som kan vera djupe. Verlaget på Hardangervidda er prega av at Vidda ligg på overgangen mellom kyst- og innlandsklima. På den vestlege delen av Vidda vil nedbøren vera mykje høgare enn i aust. Hardangervidda har store beiteressursar. Det finst jamt gode beite for sau over det meste av Vidda. Produksjonsresultat frå Saukontrollen stadfestar dette med vekter som for det meste ligg høgt i forhold til kringliggande beiteområde. Dei beste beita er likevel å finne i område med næringsrike bergartar som til dømes området innafor trekanten Bjoreidalen - Kvennsjøen - Stavali. Mykje av beitet er høgtliggande og kjem derfor seint, dette gjeld særleg på vestsida der det i tillegg er mykje snø. […

    Kjøttfe på utmarksbeite

    Get PDF
    For prosjektet "Bærekraftig storfeproduksjon basert på grovfôr", er det i denne rapporten gjeve omtale av utmarksbeitekvalitet og ymse tilhøve kring utmarksbeitebruk for 16 beiteområde for kjøttfe. Buskapane er spreidt frå Sirdal i Vest-Agder til Salangen i Troms, og representerer ein del av det store mangfaldet av naturtypar som møter utmarksbeitande storfe her i landet.publishedVersio

    Vegetasjon og beite på nordsida av Heidal

    Get PDF
    Norsk institutt for bioøkonomi har vegetasjonskartlagt 96 km² på nordsida av Heidal i Sel kommune. Kartlegginga er gjort etter instruks for kartlegging i målestokk 1:20 000 - 50 000 (VK50). Det er laga vegetasjonskart og 2 avleia temakart for beite for sau og storfe. Denne rapporten beskriv metode for kartlegging, registrerte vegetasjonstypar og deira fordeling i området. Det er gjeve ein omtale av beiteverdi og beitekapasitet, samt nokre råd kring skjøtsel av kulturlandskap og beite i kartområdet
    corecore