Future-referring expressions in English and Norwegian : a contrastive study based on the English-Norwegian parallel corpus

Abstract

Denne studien undersøkjer det semantiske innhaldet i engelske og norske framtidsuttrykk frå eit kontrastivt synspunkt. Sidan desse språka ikkje har systematiske grammatiske kontrastar for å uttrykkje framtid, vert dette gjort ved å nytte ei rekkje grammatisk ulike konstruksjonar. Det sameinande ved desse uttrykka er at dei kan seiast å involvere anten ”indre” eller ”ytre” modalitet, og uttrykkjer anten ”vilje” eller ”prediksjon” – eller båe to. Ved å studere måten dei måten dei er omsett på, og førekomsten i fiksjon kontra prosa, kan ein trekkje fleire konklusjonar: I norsk representerer valet mellom ”vil”, ”skal” og ”kjem til å” dei viktige semantiske kontrastane ”vilje”/”prediksjon” og ”ynskje”/”intensjon”. Dei engelske uttrykka som er tekne med, derimot, uttrykkjer både ”intensjon” og ”prediksjon”. I staden for semantiske kontrastar, involverer dei paradigmatiske relasjonane mellom dei ulike formalitetsnivå. Konkret er ”shall” ei formell form, medan BE+”going to” og ”’ll” er assosiert med uformelt språk. Likevel viser måten dei engelske uttrykka samsvarer med dei norske at det er semantiske nyansar mellom dei. Når det gjeld den interspråklege ekvivalensen mellom uttrykka, viser ei utrekning at gjensidig samsvar at samsvarsnivået er generelt lavt, og varierer frå 1% til 31%. På same tid samsvarer alle uttrykka, til ei viss grad, med alle uttrykka frå det andre språket, noko som tyder at meiningane deira overlappar. I tillegg viser resultat at det ikkje er nokon korrelasjon mellom ekvivalens og etymologiske eller fonologiske likskapar. I staden synest den avgjerande faktoren for omsetjingsekvivalens å vere statusen dei ulike uttrykka har i sine respektive språk med tanke på meining, syntaks og formalitetsnivå. Einsidig samsvar og ei samalikning mellom førekomst i orginaltekstar og omsetjingar tyder på at det er interferens mellom BE+”going to” og ”kommer til å”. Dette fører til ein overdriven bruk av ”kommer til å” i omsetjingar frå Engelsk

Similar works

This paper was published in NORA - Norwegian Open Research Archives.

Having an issue?

Is data on this page outdated, violates copyrights or anything else? Report the problem now and we will take corresponding actions after reviewing your request.