1 research outputs found

    Å fly eller ikkje fly? : Om norske offentlege myndigheiter sin respons pĂ„ askeskya vĂ„ren 2010

    Get PDF
    Denne masteroppgĂ„va tek fĂžre seg den norske offentlege responsen pĂ„ askeskya vĂ„ren 2010, og kva som kan forklare utviklinga og handteringa av krisesituasjonen som dĂ„ oppstod. Under «askekrisa» vart heile det norske luftrommet umiddelbart stengt, men etter ei veke vart det vedtatt eit nytt lufromsregime som gjorde det mogleg Ă„ avvikle noko flytrafikk. Sentrale aktĂžrar i denne situasjonar var dei offentlege myndigheitene, tekniske ekspertar og flyselskap. OppgĂ„va er bygd opp rundt fire forskingsspĂžrsmĂ„l: Korleis vart krisesituasjonen umiddelbart handtert av norske myndigheiter? Korleis definerte ulike aktĂžrane krisa? Kva kjenneteikna avgjerdsprosessen mot eit nytt luftromsregime? Og kva kan forklare utviklinga og handteringa av krisa som oppstod? I kriseteorien er det vanleg Ă„ dele kriser inn i fem fasar: kriseerkjenning, kriseavgjerd, krisekommunikasjon, kriseavslutning og lĂŠring. Desse fasane er utgangspunktet for Ă„ svare pĂ„ dei fĂžrste tre spĂžrsmĂ„la. Denne oppgĂ„va viser at krisesituasjonen vart handtert ulikt av norske myndigheiter pĂ„ kort og lang sikt. OppgĂ„va viser ogsĂ„ at fleire av dei som umiddelbart hadde stĂžtta opp om myndigheitene, etter kort tid sat spĂžrsmĂ„lsteikn ved legitimiteten til den opphavlege responsen. Vidare viser oppgĂ„va at ulike aktĂžrar definerte krisa ulikt, og at kva som vart sett pĂ„ som den mest akutte utfordringa varierte med deira eigne interesser. Avgjerdsprosessen mot eit nytt luftromsregime var kjenneteikna av at ulike aktĂžrar kjempa om definisjonsmakta og at myndigheitene vart utsette frĂ„ press ogsĂ„ frĂ„ EU. Prosessen hadde ogsĂ„ teikn til «blame games». For Ă„ forklare denne utviklinga og handteringa av krisesituasjonen, tek eg utgangspunkt i organisasjonsteori. Svara pĂ„ dei fĂžrste tre spĂžrsmĂ„la vert analysert frĂ„ to variantar av eit instrumentelt perspektiv, frĂ„ eit kulturperspektiv og frĂ„ eit omgivnadsperspektiv. OppgĂ„va viser at desse har stĂžrst forklaringskraft aleine i ulike fasar av krisa. Kriseerkjenningsfasen kan best forklarast frĂ„ eit instrumentelt perspektiv ved at ein her handla i trĂ„d med etablerte strukturar. Krisekommunikasjonsfasen vert betre forklart frĂ„ eit kulturperspektiv, ved at dei ulike aktĂžrane handla ut frĂ„ differensierte handlingslogikkar og difor definert krisa pĂ„ ulikt vis. Kriseavgjerds- og avslutningsfasen kan best forklarast frĂ„ eit omgivnadsperspektiv. I denne fasen vart luftromsregimet endra og luftrommet opna igjen, og at norske myndigheiter pĂ„ denne mĂ„ten endra sin respons kan sporast tilbake til press frĂ„ bĂ„de tekniske og institusjonelle omgivnadar og Ăžnske om legitimitet. Analysen tek sjĂžlvsagt ogsĂ„ hĂžgde for at biletet ikkje var sĂ„ enkelt, og ein komplementĂŠr bruk av ulike organisasjonsteoretiske perspektiv ligg til grunn for den siste delen av analysen. Askekrisa i 2010 illustrer fleire viktige poeng. For det fĂžrste at i situasjonar der Ă„rsaka til ein krisetilstand er teknisk – i tydinga ikkje-politisk, men lĂžysinga av nĂždvendighet mĂ„ vere politisk, er utsiktene til konflikt stĂžrre pĂ„ grunn av at ulike kulturar her mĂžtest. For det andre at organisering er av stor betydning for kor vellykka krisehandteringa er – samtidig som ein ikkje kan «organisere bort» utfordringane i krisetid og ogsĂ„ mĂ„ ta omsyn til bĂ„de kultur og kontekst. LĂžysinga er ofte Ă„ ha gode rammer rundt krisene, og moglegheiter for fleksibel handtering innan desse faste strukturane
    corecore