3 research outputs found

    Modellenes tyranni 2.0

    Get PDF
    Ein av dei store metodedebattane i førre hundreåret gjekk mellom historikaren Jens Arup Seip og statsvitaren Stein Rokkan. Kjernen i motsetninga låg i tittelen på Seips åtak på Rokkan på det nordiske historikarmøtet i 1974, «Modellenes tyranni». Rokkan svarte med artikkelen «Detaljenes tyranni».1 Seip trefte ikkje heilt med sin kritikk, for Rokkans modellar var ikkje lausrive frå den historiske empirien dei vart nytta på. Det var heller tvert om; Rokkan nytta sine modellar som reiskap for å strukturera ein omfattande historisk empiri i analysar som tok høgde for historisk variasjon. Hans modellar fekk då også raskt ein plass i historieforskinga, især blant yngre historikarar. Dette låg elles i tida. Utviklinga i historiefaget var på veg bort frå den teorilause kritiske empirismen, i retning mot samfunnsvitskapane, noko som kom til uttrykk i den sosialhistoriske vendinga i tida. Her vart Rokkan viktig, ikkje minst for historikarar i Nord-Noreg, som lét seg inspirera særleg av hans analysar av korleis historiske konfliktlinjer kunne forklara særeigne sider ved periferimobilisering i nord
    corecore