1 research outputs found

    Den "døve" staten - Ein studie om iverksettingsvariasjonar av teiknspråkparagrafen §2-6 i Opplæringslova

    Get PDF
    Då dei statlege døveskulane vart vedtatt lagd ned i 2011 vart det sagt at elevane skulle få eit like godt teiknspråkleg tilbod på nærskulen. Foreldre, døvesamfunnet og interesseorganisasjonar meinte at dette ikkje ville vere mogleg, og kjempa mot nedlegginga til siste slutt. Dei siste åra har det med jamne mellomrom kome rapportar om at kanskje motstandarane av nedlegginga hadde eit poeng. Rektorar får ikkje tak i lærarar, elevar får ikkje den skulegangen dei har krav på – og foreldre må flytte heile familien fordi barnet deira skal få oppfylt retten til undervisning i og på teiknspråk. Denne oppgåva nytter kvalitative intervju for å forklare desse iverksettingsvariasjonane av §2-6 i Opplæringslova – retten til grunnskuleopplæring i og på teiknspråk. Det teoretiske rammeverket baserer seg på forklaringsmodellar frå iverksettingsteori. Analysen indikerer at utfordringane er samansette, men at det kan verke som det underliggjande problemet er ei manglande forståing for norsk teiknspråk – og korleis dette fungerer i praksis. Sidan denne paragrafen iverksettast sporadisk, har iverksettarane sjeldan moglegheit til å opparbeide seg den naudsynte forståinga og kompetansen. Eg foreslår difor omgrepet marginaliverksetting for å beskrive denne forma for iverksetting – og dei utfordringane som følgjer med.Masteroppgåve i administrasjon og organisasjonsvitskapAORG350MASV-AOR
    corecore