1 research outputs found

    Jordarbeidingsmetodar for korndominerte dyrkingssystem – avlingseffektar

    Get PDF
    I fleirårige, fastliggande forsøk på Planteforsk Apelsvoll og Kvithamar undersøker ein kva traktortyngde, pløyedjup og køyremåte ved pløying har å seie for jordstruktur og avlingar i økologisk korndyrking. Etter to år er det framleis ikkje store utslag for forsøksfaktorane. Avhengig av vekst og tildels traktortyngde er det sikre utslag for pløyedjup, men avlingsvariasjonen innan felt og delvis mellom år er stort sett større. Djup pløying gav gjennomgåande større kornavlingar enn grunn pløying, men for bygg etter grønngjødsling på Kvithamar, som verken var tilført husdyrgjødsel eller mineralgjødsel, vart avlingane størst med grunn pløying
    corecore