2 research outputs found

    Statsmakta og Lofthusreisinga : styresmaktene si handtering av allmugereisinga i Nedenes og Bratsberg 1786-87.

    Get PDF
    Oppgåva analyserer styresmaktene si handtering av Lofthusreisinga i 1786-87, den største allmugerørsla til då under det dansk-norske eineveldet. Dels handlar det om interaksjonen mellom allmugen og styresmaktene, dels handlar det om å identifisera styresmaktene sine ulike verkemiddel. I tidlegare litteratur om Lofthusreisinga er det dei materielle og økonomiske årsakene og resultata som er vektlagt. Denne oppgåva undersøkjer dei politiske sidene ved reisinga, og ser ho som uttrykk for ein politisk maktkamp mellom øvrigheit og allmuge. Eitt av spørsmåla er i kor stor grad Lofthusreisinga var ei utfordring av det eineveldige styresettet sin legitimitet og autoritet. Eit anna spørsmål er kor sterk og avansert statsmakta faktisk var på denne tida. Lofthusreisinga kan gi viktige svar på dette fordi ho fekk eit så stort omfang og vart rekna som farleg, og dermed fekk fram heile spekteret av mottiltak frå styresmaktene si side
    corecore