1 research outputs found
Villreinen i Ottadalen. Kunnskapsstatus og leveområde
Jordhøy, P. (red.), Sørensen, R., Aaboen, S., Berge, J., Dalen, B., Fortun, E., Granum, K., Rødstøl, T., Sørumgård, R. & Strand, O. 2011. Villreinen i Ottadalen. Kunnskapsstatus og leveområde. – NINA Rapport 643. 85 s. + vedlegg.
Ottadalen villreinområde er prega av ein intakt habitatgradient som går frå ytre kystfjell i Møre og Romsdal/Sogn og Fjordane til kontinentale innlandsfjell i Oppland. Frå Lordalen og austover dominerer lavrike fjell i aukande grad mot Slådalstraktene. Området frå Finndalen og vestover mot Aursjøen er variert, medein miks av ulike beitetypar og andre funksjonskvalitetar (høgalpine område med mykje brear). Vest for Lordalen er det store areal med høgalpint landskap. Her er det skrinne beite i eit urlendt og fonnrikt landskap. Utover mot kystfjella er det mykje botnar og dalar med dels frodige grøntbeite. Stadfesta flokkobservasjonar frå ulike delar av området har vore tillagt stor vekt (både data frå Villreinutvalet sine teljingar i området og meir tilfeldige flokkobservasjonar). Dette er gjort for å styrke grunnlaget for visualisering/kartframstilling og forståing av reinen sitt funksjonspotensiale (livsgrunnlag) i området. Sentrale personar i Ottadalen villreinområde har oppsummert sin røynslekunnskap om reinen sin områdebruk over lengre tidsperiodar. Data frå kommunale viltkart og ei rekkje skriftlege arbeid frå tidlegare er også med. Gjennom møte/- samtalar med grunneigarar og lokalkjente er mykje av lokalkunnskapen om villreinen sin arealbruk overført til kart. I tillegg til kvalitative data har ein også opp gjennom åra samla inn data som i større grad er kvantitative. Med det forstår vi at data er kartfesta, og at det fylgjer ein del meir detaljert informasjon som til dømes dato, tal dyr og eventuell kjønns- og alderssamansetjing i flokkane. Slike data har vore samla inn lokalt og i samband med gjennomføring av ulike overvakingsoppgåver. Døme på dette er kalve- eller struktur- og minimumsteljingar som vert gjennomført årleg i ein del av villreinområda. Desse teljingane har vorte ein årviss rutine i dei fleste av dei større villreinområda, og inngår som ein hovuddel av det nasjonale overvakingsprogrammet for villrein. Ottadalen har ikkje vore med i dette programmet, men Villreinutvalet i Ottadalen har likevel fylgt tilnærma same opplegg i sine område. Ei ulempe ved desse datasetta er at det ikkje har vore eit fast/målretta mønster ved innsamlinga av data. Ein har difor i liten grad kontroll på datasetta sin romlege representativitet, slik at fråvær av data i eit område både kan bety at reinen i liten grad har nytta området, eller at ein i mindre grad har lykkast med å få inn data frå området. Høg oppdagbarheit reduserer i prinsippet nokre av dei svakheitene som skuldast manglande stratifisering av datainnsamlinga. Det er difor grunn til å anta at vi har dei beste datasetta i område der reinen stort sett nyttar areal over skoggrensa. Båe delområda i Ottadalen kjem inn under denne kategorien. Totalt har vi hatt tilgang til 1827 stadfesta flokkobservasjonar som er registrert i perioden 1955–2010. Hovudtyngda av innsamla data er frå perioden 1970–2010. Innan denne perioden varierer tal flokkobservasjonar årleg frå svært få til godt over 130 (2008). Frå 1970 og frametter ligg det gjennomsnittlege observasjonstalet/år på rundt 50. Eit stort mangfald av ulike typar fangstsystem særpregar fangstkulturen i Ottadalen. Det er alt frå større og mindre rusefangstanlegg til eit stort tal av bågåstøer og steinmura fangstgroper. Eit stort tal skræmepinnar og bortskotne piler er også funne. Desse er frå den yngre del av etteristida, frå jarnalderen og til langt inn i middelalderen. Ein stor del av fangstanlegga i Ottadalen er kjende gjennom ulike typar kartlegging, men fyrst og fremst gjennom Øystein Mølmen sitt store kartleggingsarbeid og Per Dagsgard sine omfattande kulturminneregistreringar i Skjåk. Saman med seinare kartleggingsarbeid utgjer dette ein viktig del av Ottadalen si historie. Ein annan viktig del av historia er overgangsperioden frå tamreindrift til villrein