Fjøslukt og fagleg vekst

Abstract

Alternative læringsarenaer får auka merksemd både i utdanning og i offentleg styringsdokument som Meld. St. 34 «En mer praktisk skole» (2023–2024). LK20 legg vekt på at elevar skal få praktiske og verkelegheitsnære erfaringar gjennom opplæringa, og garden som pedagogisk ressurs (GSPR) kan var eit tiltak som kan fremma denne typen undervisning. Denne masterstudia har som hensikt å undersøka korleis aktørar og lærarar erfarer og resonnerer omkring bruken av garden som læringsarena i naturfag på barneskulen. Dette er undersøkt ved følgjande forskingsspørsmål: * Korleis opplev aktørar og lærarar undervisninga på garden i forhold til tradisjonell klasseromsundervisning? * Korleis kan læreplanmåla i naturfag integrerast i aktivitetane på garden? * Korleis påverkar undervisninga på garden elevar si motivasjon og engasjement for læring? Målet med studia er å få innsikt i korleis lærarar og aktørar vurderer garden som eit alternativ til klasserommet i naturfagsundervisninga, og kva moglegheiter og utfordringar dei ser i dette. Det er nytta ein «mixed methods»-tilnærming som kombinerer kvalitative intervju og kvantitativ spørjeundersøking i undersøkinga. Det er intervjua to lærarar og to Inn på tunet-aktørar med erfaring frå garden som læringsarena. I tillegg er det gjennomført ei spørjeundersøking med 11 aktørar. Dei kvalitative intervjua har ein semistrukturert tilnærming for å fanga informantane sine eigne refleksjonar og erfaringar. Gjennom ein refleksiv tematisk analyse og deskriptiv statistisk analyse er datamaterialet analysert ved triangulering, for å identifisera samanhengar i erfaringane til informantane. Studia viser at både lærarar og aktørar opplev at garden gir elevar ei meir meiningsfull læring samanlikna med tradisjonell klasseromsundervisning. Undervisninga på garden skil seg ut ved å vera meir praktisk og kontekstuelt forankra, noko som gir elevar eit større engasjement, meistring og djupare forståing av naturfaglege fenomen. Aktivitetane på garden kan knytast til kompetansemåla i naturfag, særleg gjennom fysisk arbeid og konkrete erfaringar som følgjer årshjulet. Samtidig peikar funna på at både lærarar og aktørar etterlyser betre strukturar for samarbeid, økonomisk stønad samt tilgang til pedagogiske ressursar for å kunna ta garden meir i bruk som ein systematisk læringsarena

Similar works

Full text

Having an issue?

Is data on this page outdated, violates copyrights or anything else? Report the problem now and we will take corresponding actions after reviewing your request.