Tre som bygningsmateriale gir eit positivt klimabidrag mellom anna ved å ta opp og lagre CO2 og auka ressursutnytting av tre som del av ein fornybar og sirkulær økonomi er eit internasjonalt satsingsområde. Resultat frå studiar av samanheng mellom bruk av tre i bygg og helserelaterte utfall indikerer at tre, som eit naturelement i innemiljøet, kan ha positiv effekt. Å dokumentere slike helsefremmande effektar vil gi trematerialar eit fortrinn og såleis kunne bidra til auka bruk av tre i offentlege rom.
I prosjektet Tre og helse undersøker vi samanhengar mellom tre i helsebygg og helse og livskvalitet hos brukarar av bygningane. Første trinn var å kartlegge tre i helsebygg for å stadfeste i kor stor grad tre blir brukt i dag og om det hovudsakleg blir nytta i bærande konstruksjon eller interiør.
Tre har blitt kartlagt ved 14 kommunale helsebygg i 10 kommunar. Ein forskar kartla bruk av tre i kvar type rom og til kvart bruksområde i interiøret. Kartleggingsmetoden vart kontinuerlig revidert under kartleggingsarbeidet. Institusjonane sjølve bidrog med informasjon om bruk av tre i bærande konstruksjon og utvendig kledning. Vi fant at tre er brukt i større grad i interiør enn i konstruksjon og kledning, og i møblar og små flater i større grad enn i veggar, golv og tak. Kartlegginga indikerer at det er rom for å auke bruken av tre i helsebygg betydeleg