Linpollen - ei historie om lindyrking

Abstract

Linplanta har tradisjonelt vorte dyrka med føremål å produsere tekstilar og olje. Ved funn av fossile pollen, frø og fibrar frå planta kan vi botanikarar spore lindyrking attende i tid, medan arkeologiske funn som linhekle og tekstilar fortel om tekstilproduksjon og bruk. Linpollenet er «digert» (50–60 μm) og har ein karakteristisk utsjånad som er vanskeleg å oversjå dersom ein har det i synsfeltet i mikroskopet. Sjølv ein flik av pollenkornet er attkjenneleg. Linpollenet har difor ei eiga forteljing som kan få ny tyding i historiske samanhengar og gje eit utfyllande bilete til det arkeologiske materialet

    Similar works