Fiskeundersøkingar for BKK i Øvre- og Nedre Dukavatn, Svartavatnet, Sotabotn, K vitingsvatnet og Grønsdalsvatnet 2013

Abstract

LFI Uni Miljø har på oppdrag frå BKK gjort fiskebiologiske undersøkingar i Øvre og Nedre Dukavatn, Svartavatnet, Sotabotn, Kvitingsvatnet og Grønsdalsvatnet i slutten av august 2013. Lokalitetane hadde ein pH rundt 6 og like over. Dette kan karakteriserast som middels høg pH og vurdert etter klassifiseringssystemet i Vassforskrifta ligg både surleik (pH) og konsentrasjonen av labil/uorganisk Aluminium (LAl) i lokalitetane i klassene Særs God og God. I prøvar av dyreplankton var dei vanlegaste gruppene til stades og det var lite endring frå det som vart funne i tidlegare undersøkingar. Dyreplanktonsamfunnet er artsfattig i innsjøane og typisk for svakt bufra vasskvalitetar. Alle innsjøane og Sotabotn hadde i 2013 middels til svært tette bestander av aure som er sjølvrekrutterande. Det generelle biletet for innsjøane var at auren stagnerte tidleg i vekst og at kondisjonsfaktoren gjekk ned med aukande fiskelengde. Dette tyda på ein noko låg produksjon av store næringsdyr. Dette var også det generelle inntrykket frå resultata av analysen av mageprøvar, der det i dei fleste vatna var landinsekt og små næringsdyr som dominerte i dietten. Unntaket var Øvre Dukavatn der krepsdyr dominerte i dietten. Undersøkingar av gytemoglegheit og ungfisktettleik i elver og bekkar knytt til vatna sannsynleggjorde at mykje av gytinga skjer i innsjø, då det vart funne lite ungfisk av aure i tilløpsbekkane. I hovudsak var det berre i innløpsbekkane til Kvitingsvatnet, Grønsdalsvatnet og Nedre Dukavatnet det vart funne ein del ungfisk. Ein samla vurdering av dei undersøkte lokalitetane tilseier at det er til stades god vasskvalitet og eit minimum av moglegheiter for rekruttering, oppvekst og spreiing for viktige artar i magasina. Med dette vil desse sterkt modifiserte vassførekomstane fylle kriteria som er sett i vassdirektivet for å nå statusen «godt økologisk potensial».BK

    Similar works