Frå landskapslov til landslov

Abstract

Føreliggjande studie jamfører den språklege utforminga av eitt og same sakstilhøve på to ulike steg i gammal norsk rettshistorie: Gulatingslova og Magnus Lagabøtes norske landslov. Det gjeld her rettstilhøve kring ilanddriven kval og veiding av kval. Her vidarefører landslova heilt klårt dei rettsreglar som galdt i Gulatingslova. I kva grad, vert det då spurt, kan dei to utformingane av lovtekst her seiast å utgjera ulike steg i det som i andre samanhengar har vore omtala som eit ââ¬Åmunnlegâskriftleg kontinuumââ¬Â. Studien er meint som ein diagnostisk test på ei slik problemstilling i høve til gammalt norsk lovtilfang

    Similar works