Lasse Christian Arboe Sonne: Thor-kult i vikingtiden. Historiske studier i vikingetidens religion

Abstract

Denne boka om kulten av guden Tor i vikingtida er ei revidert utgåve av ei PhD-avhandling som Lasse Christian Arboe Sonne forsvarte ved Københavns Universitet våren 2011.   Sonne  tek utgangspunkt i ei preike frå slutten av 900-talet av den engelske abbeden Ælfric der han kjem med den kommentaren at Tor var den av gudane danane elska høgst. Som Sonne påpeikar, tilhøyrer verbet elska nok kristen terminologi, men det spelar i Sonnes kontekst mindre rolle. Ælfrics kommentar gjev uansett grunn til å tru at kulten av Tor stod sentralt mellom danane i England. Sonne problematiserer i liten grad om denne sentrale rolla til Tor utan vidare kan overførast til alle dei nordiske områda der Tor var dyrka. Det burde kanskje ha vore drøfta sidan populariteten til ein gud truleg også ville ha innverknad på dei former kulten tok. Sonne kjem rett nok så vidt inn på mogeleg geografisk, sosial og kronologisk variasjon i kulten avslutningsvis i avhandlinga, men utan at dette vert knytt til mogeleg variasjon i popularitet innanfor det nordiske området

    Similar works