Språkreformatoren Moltke Moe â eit hundreårsminne

Abstract

I hefte 1â2012 av Maal og Minne hadde Dag Gundersen ein jubileumsartikkel om Knud Knudsen (ââ¬Åkjempende profetââ¬Â) i samband med 200-årsjubileet hans. Knudsen vart òg markert på andre måtar, og i 2013 stod Ivar Aasen for tur; jubileet hans vart utgangspunkt for eit heilt språkår. Dette er også ein jubileumsartikkel, men her festar vi merksemda på Moltke Moe, som var ein nøkkelperson når det gjaldt å sette Knudsens idear ut i livet, og som også stod sentralt i startfasen av Bymålslaget og Maal og Minne for drygt hundre år sidan. Moe var ikkje nokon kampens mann, som Knudsen, men heller den stillferdige og maurflittige slitaren. Grunnen til å dra han fram nett no er at han døydde den 15. desember 1913, berre 54 år gammal (dei to andre eg har nemnt, vart begge 83). Han var likevel så viktig i ein avgjerande fase av norsk skriftspråksutvikling at han fortener å komme fram i lyset ved dette høvet

    Similar works