Folkemusikk og kunstmusikk i Den norske kyrkja

Abstract

Musikklivet i Den norske kyrkja har ofte vore prega av spenningar mellom «det kunstnariske» og «det folkelege». Ein viktig del av 1800-talets nasjonalromantikk var å gjera folkekulturen til råstoff for ein ny, nasjonal kunst. Gradvis vann folkemusikken aukande aksept innan kulturfeltet, også i kyrkja. Likevel vil det alltid vera noko som er omdiskutert. Den gode smaken har alltid sin motsats: avsmaken. Artikkelen drøftar ein del døme på aktuelle hendingar, verk og plateinnspelingar som er representative for desse prosessane. Døma er kronolgisk presenterte, men er inga musikkhistorisk framstilling. Snarare er dei utvalde for å visa korleis kultursosiologen Pierre Bourdieu sine teoriar om kultur og smak har vore, og framleis er relevante, på tross av skiftande historiske og kyrkjemusikalske omstende

    Similar works