Wim Vandenbussche, Ernst Håkon Jahr og Peter Trudgill (red.): Language Ecology for the 21st Century: Linguistic Conflicts and Social Environments

Abstract

Termen og omgrepet språkøkologi (ecology of language) vart skapt av Einar Haugen i 1971, på eit tidspunkt da økologi-omgrepet var på veg frå det biologiske fagspråket til det samfunnsvitskaplege og politiske språket. Haugen var ein pioner i den språksosiologiske retninga innanfor språkforskinga, bl.a. med analysane sine av den norske språknormeringa og språkstriden, og han opplevde nok økologi-omgrepet som ei naturleg vidareføring av det inn i ein ny historisk epoke. Likevel må vi seie at omgrepet ikkje har stått så sentralt seinare, og det har heller ikkje vore så enkelt å gi det ei presis avgrensing av tydingsomfanget. Sjølv gav eg i 1993 ut ei bok på engelsk om nordiske språkforhold på oppdrag frå Nordisk språksekretariat, der hovudvekta låg på det samfunnsmessige aspektet av språkforholda. Eg ville kalle boka “The Nordic Languages and their Ecology”. Men i Språksekretariatets styre vart det heller lunkent mottatt; fagfolka der opplevde ikkje økologi-omgrepet som særleg meiningsfullt til bruk i ei slik bok. Det enda med The Nordic Languages. Their Status and Interrelations – som strengt tatt kanskje betydde det same. (Men eg smugla inn økologi-omgrepet i starten på forordet i boka – utan å komme tilbake til det seinare.

    Similar works