Gro-Renée Rambø: Historiske og sosiale betingelser for språkkontaktmellom nedertysk og skandinavisk i seinmiddelalderen â et bidrag til his-torisk språksosiologi.

Abstract

Denne boka er ei omarbeidd utgåve av dr.art.-avhandlinga med same tittelfrå 2008. Forfattaren, Gro-Renée Rambø, er førsteamanuensis i språkvitskapved Universitetet i Agder. Det bør nemnast at meldaren også har hatt tilgangtil avhandlinga slik den låg føre.Arbeidet er delt i ï¬Âre hovuddelar. I første del får vi ein generell introduksjon til emnet og eit oversyn over eldre og nyare forsking på språkkontakten mellom lågtysk og skandinavisk. Deretter følgjer ein svært utførlegteori- og metodedel, før vi i tredje del går laus på sjølve hovudemnet. Herer det først eit generelt kapittel om språk- og samfunnstilhøve i det aktuelletidsrommet, som først og fremst vil seie seinmiddelalderen, og deretter hartilhøva på Gotland, i Danmark, i Sverige og Norge fått kvart sitt kapittel. Idesse kapitla er det lagt vekt på jamføring mellom dei ulike byane etter einfast struktur: Språksosiale og historiske rammer (med spesiell vekt på åfastslå når den eigenlege hansatida var på dei respektive stadene) folkesetnad, språksamfunnet, språkbruk og språkbrukssituasjonar og høve til språkkontakt. Det heile blir avslutta med ein oppsummerande og konkluderandebolk

    Similar works