Med Innganger til språkvitenskap har vi fått ei innføring i vitskapsteoretiske spørsmål kring språkvitskapen på norsk. Det er bra. Det er ikkje vanskeleg å vere samd med forfattarane i at språkvitskapen bør interessere seg for det Roger Lass har kalla “metaworries” (s. 11), spørsmål som kva som er studieobjekt(a) i språkvitskapen, og korleis vi kan vinne innsikt i desse. Allereie Saussure slo fast at språkvitskapen ikkje har noko studieobjekt som er gjeve på førehand, men at dette blir til med det perspektivet ein vel