Geografisk og sosial variasjon

Abstract

dette kapitlet tek føre seg utviklingsliner i det norske dialektlandskapet – frå 1200-talet og inn på byrjinga av 2000-talet med vekt på både geografiske og sosiale skilje. I løpet av dei tre-fire første hundreåra av denne perioden rekner ein gjerne med at dei fleste av hovudskilnadene mellom dei ulike dialektområda var etablerte. Kjeldegrunnlaget for studiar av talemål i dette lange tidsrommet er naturleg nok svært variabelt; fram til utpå 1900-talet må vi basere oss berre på skriftleg kjeldemateriale. nettopp tilgangen på kjelder gjer òg at sjølve analysen av utviklinga i nyare tid kan bli meir variert, og vi har betre føresetnadar for både å forstå og forklare dei språklege endringane som går føre seg. Så medan dei tre første bolkane av den grunn legg mest vekt på geografiske tilhøve, trer dei sosiale dimensjonane meir i framgrunnen i dei to siste. Tilgjengeliggjort med tillatelse fra Novus Forlag

    Similar works

    Full text

    thumbnail-image