Jordhøy, Per. 2007. Markbulia – Einunna. Verknad på villrein ved endring i regulering av inntaksdam. - NINA Rapport 302. 47 s.
Glommens og Laagens Brukseierforening (GLB) og Østerdalen kraftproduksjon har planar om å byggje ny inntaks- og reguleringsdam i Markbulia i Einunnavassdraget, Folldal kommune. I tillegg er det planar om å byggje eit nytt Einunna kraftverk som skal erstatta dagens kraftverk. Etter tidlegare handsaming i Samla Plan for vassdrag og vassdragsreguleringar inngår omsøkt alternativ under prosjekt som kan konsesjonsøkjast. Eit etter måten stort areal (3,07km²) vil bli neddemt ved ny regulering (figur 1) etter dei planane som ligg føre, i høve til dagens magasin (0,32km²). Dette tilsvarer vassvolum på 18 mill. mot 1,2 mill. m³. Planane inkluderer bygging av ny dam (steinfyllingsdam med morenekjerne) over dalføret over ei strekning på 600m nedover frå eksisterande dam. Ein sperredam av same type som hovuddammen vil bli bygd på vasskiljet mot Moskardet og Folldalen. Områda som vert påverka av utbygginga utgjer funksjonsareal innan leveområda til villreinbestanden i Knutshø villreinområde. Målet med denne rapporten er å få synt kva konsekvensar ein vidare vassdragsutbygging i dette området vil kunne ha for villreinen her. Gamle fangstsystem viser at det har vore utstrekt utveksling av rein, ikkje berre mellom Knutshø og Rondane/Snøhettaområdet, men og over til Trollheimen og Forollhogna frå gamalt av. Reinen sine årstidsbeite låg opphavleg i ulike klima- og vegetasjonssoner. Såleis har reinen til dømes i Dovre/Rondane nord – Knutshø tidlegare hatt ein relativt markert sesongbeitegradient, med vinterbeita i kontinentale, austlege område og sommarbeita i grove trekk vestanfor ein nord-sørakse ved Dovremassiva. I dag er denne gradienten redusert på grunn av barrierar, slik at fordelinga av funksjonskvalitetar har vorte meir skeiv enn tidlegare. I Snøhetta har ein rett nok framleis ein svak gradient med sommarbeite vest for Dovremassiva og vinterbeita i ein avgrensa sone vestover frå trafikkåra E-6 og jarnvegen over Dovre. Einunna i Folldal kommune, Hedmark fylke, villrein, fagleg utgreiing, forundersøkin