FoU på fisk : frå prøvefiske til telemetristudiar og avansert populasjonsgenetisk forsking

Abstract

Det fiskefaglege miljøet på Evenstad har drive FoU-verksemd sidan tidleg på 1990-talet. Den gongen var fokuset å finne gode løysingar på utfordringar i forvaltninga av lokale og regionale fiskeressursar i ferskvatn. Dette er vidareført dei seinare åra, sjølv om innsatsen no er noko meir djuptgåande og avansert, og kan vonleg tilføre fiskefaget ny generell kunnskap. Starten på utviklinga av fagmiljøet var studium av vandringane til stor aure i Glåma ved hjelp av radiotelemetri for å lokalisere gyteog oppvekstområde. Deretter vart innsatsen retta mot å finne nytten og effektane av settefiskutsettingane i vassdraget. I dei seinare åra er dette vidareført i arbeidet med å skaffe kunnskap om naturleg rekruttering av aure i sidevassdrag til Glåma. Gjennom doktorgradsarbeid blir det forska på effektar av temperaturauke på vekst og populasjonsdynamikk hos aure i lys av klimaendringane som skjer. Og korleis røya som art er spalta i ulike genetiske og evolusjonære einingar som vi treng å kjenne til med tanke på framtidig forvaltning av biologisk mangfald

    Similar works