I kva grad kan individuell fysioterapibehandling med fokus på kjernestabilitet ha innverknad på balanse og gangfunksjon hjå unge vaksne med cerebral parese

Abstract

Cerebral Parese (CP) er ei gruppe tilstander som er kjenneteikna av endra rørsle og/eller stilling samt motorisk funksjon, grunna ei ikkje-progredierande skade i den umodne hjernen. Vaksne med CP møter likevel utfordringar med nedsett funksjon, inkludert redusert eller bortfall av gangfunksjon. Det er lite forsking relatert til denne utfordringa. Då kjernestabilitet er viktig for å oppretthalde balanse i aktivitet og gange, er føremålet med denne studien å undersøke om intensiv individuell fysioterapibehandling kan ha innverknad på balanse og gangfunksjon hjå vaksne med CP. Studien har eit Single-Subject Experimental design, A1BA2A3-design, og inkluderer to deltakarar med CP. Testane brukt ved målingane er Trunk Impairment Scale - Modified Norwegian Version (TIS-modNV), Mini-BESTest, 10 meter gangtest, 2 minuttar gangtest og The Patient´s Global impression of Change. Intervensjon hadde fokus på kjernestabilitetstrening, og gjekk over seks veker inkludert tre treningar på à ein time per veke. Resultata ved testing viste at begge deltakarane hadde signifikant betring ved TIS-modNV, samt at den eine deltakaren hadde signifikant betring på 10 meter gangtest hurtig tempo. Det var ingen signifikant endring i dei andre testane. Konklusjonen er dermed at resultata i studien indikerer at trunkus kan påverkast med trening av kjernestabilitet hjå vaksne med CP. Resultata har likevel ingen overføringsverdi til balanse og gangfunksjon hjå deltakarane i studien. Nøkkelord: Cerebral Parese, kjernestabilitet, balanse, gangfunksjon, intensiv trening

    Similar works