research

Utprøving av NoFence elektronisk gjerde i forhold til dyrevelferd - Prototype 1

Abstract

Denne rapporten er frå dei første kontrollerte utprøvingane på dyr av NoFence elektroniske gjerdesystem, prototype1, utvikla av Oscar Hovde Berntsen. NoFence er eit elektronisk gjerdesystem som skal fungere som eit usynleg gjerde ved at dyra får ei korrigering ved kryssing av ei satt grense. Grensa blir satt ved bruk av GPS-signal. Når dyra nærmar seg den usynlege grensa vil dei få eit lydsignal som varsel, som aukar i styrke proporsjonalt med kalkulert avstand frå grensa, før dei til slutt vil få eit straumstøyt om dei ikkje snur. NoFence-prototype1 vart prøvd ut på seks villsauer, seks geiter og tre fjordårslam av rase Norsk kvit og krysning spæl/trøndersau, i løpet av beitesesongen 2010 og 2011. Utprøvinga viste at både sau og geit kan lære systemet med å snu på lyd utan å få straumstøyt. Det trengs derimot gode GPS-forhold ved opplæring av NoFence-systemet. Det var individuell forskjell hos både sau og geit i kor sterk reaksjonen var på straumstøyt, og det såg ut til at ulike individ opplevde ubehaget frå straumstøytet ulikt. Det var viktig for både sau og geit å følgje flokken, og om eitt dyr gikk ut trossa dei andre ubehaget ved straumstøyt og følgde etter. NoFence-prototype1 såg heller ikkje ut til å halde dyra inne om dei hadde stor motivasjon til å gå ut av beitet. Geita såg ut til å stresse meir ved bruk av NoFence, enn ved normalåtferd og ved tilvenning av systemet mot fysisk gjerde. Det er derimot usikkert om mykje handtering og vêrforhold kan ha virka inn. Det såg ikkje ut til at sauene stressa ved bruk av NoFence, men det trengs vidare utprøving i forhold til stress over lengre tid både hos sau og geit. NoFence-systemet må utviklast vidare da prototype1 ikkje var driftssikker nok. Til sist i rapporten er det sett opp planer for vidare utbetring og utvikling av klave, og vidare utprøving i forhold til dyras velferd

    Similar works