research

Bakteriologisk kvalitet av salat gjødsla med storfegjødsel

Abstract

Målet med denne undersøkinga var å samanlikna den bakteriologiske kvaliteten, inkludert førekomsten av visse patogen, av økologisk dyrka salat gjødsla med ulike typar storfegjødsel. Feltforsøk med isbergsalat ( Lactuca sativavar. Crispum, ’Iglo’) vart utført i 2001 og 2002. Behandlingane var blautgjødsel, fastgjødsel, kompostert storfegjødsel og mineralgjødsel. Prøvar av jord, gjødsel, gjødsla jord, oppalsplantar, salat og dei ytre blada av salatplantane (i 2002) vart analysert for indikatorbakteriar for fekal forureining (termotolerante koliforme bakteriar (TKB) og Escherichia coli), E. coli O157:H7, Salmonella spp. og L. monocytogenes. Det vart funne statistisk sikker forskjell mellom behandlingane i mengde TKB i gjødsla jord, men det vart ikkje funne noko forskjell i bakteriologisk kvalitet på salat ved hausting. I 2002 vart det funne E. coli O157:H7 i blautgjødsel og fastgjødsel, og jord gjødsla med blautgjødsel og fastgjødsel ei veke etter gjødsling. Bakterien vart ikkje funne på salat ved hausting. Ingen prøvar i undersøkinga inneheld Salmonella spp. eller L. monocytogenes. Resultata frå forsøket tyder på ingen forskjell i bakteriologisk kvalitet på økologisk dyrka isbergsalat gjødsla med ulike typar storfegjødsel

    Similar works