Medelevrespons

Abstract

Masteroppgåva handlar om medelevrespons som del av undervegsvurdering av elevtekst. I denne oppgåva skildrar og analyserer eg kva som skjer i ei gruppe som utfører medelevrespons. Oppgåva byggjer på eit sosiokulturelt syn på læring, og teoridelen omfattar også skriveteori og forsking omkring respons. Tidlegare forsking viser at formativ vurdering påverkar læring positivt og at elevmedverknad kan bidra til å auke skrivekompetansen til elevane (Sadler, Wiliam, Black, Hattie). Den overordna problemstillinga er: Bidreg medelevrespons til meir medvitne skrivarar? For å belyse dette har eg formulert følgjande to forskingsspørsmål: Korleis og på kva nivå i teksten gir elevane kvarandre respons? Kva seier elevane om ulike aspekt om respons? Metoden som er brukt er observasjon, kvalitative intervju og analyse av elevutsegner om ulike aspekt omkring respons. Ved å gjere videoopptak av ei responsøkt såg eg på kommentarane dei gav, i tillegg til å sjå på omgrep dei brukte og kva læringssituasjonar eg kunne sjå undervegs. Gjennom intervju med elevane fekk eg høyre korleis dei opplever ulike former av respons og kor nyttig dei opplever medelevrespons er. Responsgruppa denne gongen hadde ei overvekt av positive, generelle kommentarar som truleg ikkje gir mykje hjelp til å utvikle den gjeldande teksten. Refleksjonen som elevane kom med gir likevel grunnlag for å tru at elevrespons over tid kan vere med på å gjere elevane til meir medvitne skrivarar ved at dei internaliserer skrivegrep. I granskinga viste det seg vidare at kommentarar på overordna tekststruktur var merkbart fleire i tal og viste betre kvalitet enn kommentarar som gjaldt mikronivået i teksten. Elevane kunne sjølve forklare dette med at oppbygging av tekst var noko dei hadde gått gjennom mange gonger, og det indikerer at ein blir betre på det ein øver mest på. Generelt ser mange av elevane medelevrespons som ein metode dei har nytte av å bruke. Der er vidare ei eintydig oppfatning av at "scaffolding" i form av responsark er nyttig. Det viser seg at utforminga av responsarka har innverknad på prosessen

    Similar works