Frukttrekreft er ein av dei viktigaste sjukdommane som går på epletre i Noreg. Årsaka til sjukdommen er sekksporesoppen Neonectria ditissima. Soppen spreier seg med makro- og mikrokonidiar danna i sporodocium, og med askosporar danna i perithecium. Infeksjonar skjer hovudsakleg gjennom sår, som vert danna til dømes ved skjering, gnissing av støttesystem mot trea, knoppskyting, plukking av frukt eller bladfall. Tidlegare studiar er ikkje samstemte når det kjem til spiretid for dei ulike sporetypane, men 5 °C har vore rekna som nedre grense for evne til sporespiring og infeksjon hjå soppen. Det finst også fleire konklusjonar på kor lenge ulike typar sår er mottakelege for infeksjon av N. ditissima.
Målet for denne oppgåva var å finne minste spiretid for dei tre ulike sporetypane, og å finne ut om det er skilnadar mellom makrosporar dyrka i kultur og frå felt. Det var også eit mål å finne ut kor lenge ulike typar sår kan vere mottakelege for infeksjonar ved låge temperaturar.
Spiringa vart undersøkt ved å inkubere sporeløysingar ved ulike temperaturar (2, 5, 8 og 18 °C). Sporeløysingane vart lagt ut på skåler med vassagar, der det var vassmetta luft, og desse vart plasserte i klimakammer med kontrollert miljø og undersøkt kvar fjerde time i opp til tre døger. Mottakelegheit til sår vart undersøkt ved å lage raspesår med ei flisefil og rive av blad på små planter av grunnstamme M9. Etter såring stod plantene til inkubering ved ulike temperaturar i klimakammer (5, 8 eller 18 °C, alle ved om lag 65% relativ luftfukt) i 1, 3 eller 5 veker før såra vart inokulerte med sporeløysingar.
Resultata frå forsøka viste at alle sporetypane kunne spire ved temperaturar ned til 2 °C. Makrokonidiar og askosporar hadde relativ lik minste spiretid, og kunne spire før det var gått 24, 12, 8 og 4 timar ved høvesvis 2, 5, 8 og 18 °C. Mikrokonidiane brukte lengre tid på å spire. Makrokonidiar dyrka i kultur (på Matshushima-medium) brukte også lengre tid på å spire enn sporar tatt frå epletre i felt. Såra var mottakelege for infeksjon i minst fem veker når temperaturen var 8 °C eller lågare. At soppen både kunne spire og utvikle seg ved temperaturar ned til 2 °C er ny kunnskap. Dette er noko ein må ta omsyn til ved varsling og handtering av sjukdomen, særleg i nordlege klima der slike temperaturar ofte førekjem både i og utanfor vekstsesongen.European canker is one of the most important diseases affecting apple trees in Norway. The disease is caused by the ascomycete Neonectria ditissima. The fungus spreads by macro- and microconidia formed in sporodochia and by ascospores formed in perithecia. Infections occur in wounds, for instance caused by pruning, rubbing between trees by support systems, bud break, fruit picking or leaf fall. Previous studies have yielded inconsistent results regarding germination time for the different spore types, and 5 °C has been considered the lower limit for fungal activity. There are also different conclusions about how long wounds remain susceptible to infection of N. ditissima.
The aim of this study was to determine the minimum germination time for the different spore types, and to determine whether there were differences between macrospores produced in culture and from the field. Another objective was to investigate how long different types of wounds remain susceptible to infection at low temperatures.
Spore germination was studied by incubating spore suspensions at different temperatures (2, 5, 8, and 18 °C). The suspensions were placed on water agar plates (with water-saturated air), which were incubated in climate chambers under controlled conditions and examined every four hours for up to three days. Wound susceptibility was tested by creating wounds on small plants of rootstock M9 using a file and by removing leaves. After wounding, the plants were kept in growth chambers at different temperatures (5, 8, or 18 °C, all at 65% relative humidity) for 1, 3, or 5 weeks before the wounds were inoculated with spore suspensions.
The results show that all spore types were able to germinate at temperatures as low as 2 °C. Macroconidia and ascospores had relatively similar minimum germination time, and germinated within 24, 12, 8, and 4 hours at 2, 5, 8, and 18 °C, respectively. It took longer before the microconidia germinated. Macroconidia produced in culture (on Matsushima medium) also took longer to germinate than those collected from apple trees in the field. Wounds remained susceptible to infection for at least five weeks at temperatures of 8 °C or lower. The fact that the fungus can germinate and develop at temperatures as low as 2 °C is new knowledge. This should be considered in disease forecasting and management strategies. Especially in northern climates, where low temperatures are present for much of the year