research

Frå bok og blyant til skjerm og tastatur : om bruk av IKT i den grunnleggjande lese- og skriveopplæringa

Abstract

Problemstillinga for oppgåva er: ”Korleis har nye krav og forventningar om bruk av IKT i skulen hatt innverknad på den grunnleggjande lese-­‐ og skriveopplæringa i praksis?” Nye krav siktar til dei føringane det gjeldande læreplanverket, Kunnskapsløftet (LK06), og andre sentrale styringsdokument som meldingar og innstillingar til Stortinget har fastsett. Med forventningar tenkjer eg meir på kva dei ulike aktørane i skulesamfunnet meiner, og kva oppfatning skuleeigarar, skuleleiarar, foreldre, lærarar, elevar og så vidare har av den moderne skulen. Bruk av IKT i skulen vert i denne oppgåva avgrensa til elevane sin aktive bruk av digitale verktøy i undervisninga. Annan skulerelatert IKT-­‐bruk, som til dømes går føre seg i forbindelse med lærarane si planlegging og vurdering, vert ikkje medrekna her

    Similar works