research

Kvifor er dei beste best? : ei oppgåve basert på intervju med tre toppspelarar frå Sogn og Fjordane, og spelarutviklar i Sogn og Fjordane Fotballkrets

Abstract

I denne oppgåva har me teke føre oss utvalde toppspelarar frå fotballfylket Sogn og Fjordane, og undersøkt kva dei meinar var viktig i si eiga utvikling og suksess i norsk toppfotball. Me har òg sett på korleis Sogn og Fjordane fotballkrets (SFFK) arbeidar med talentidentifisering i fylket, og korleis dei største talenta vert fylgde opp. Me har sett på teori kring talentomgrepet og tema knytte til talentutvikling. Me har intervjua tre spelarar frå Sogn og Fjordane, samt spelarutviklaren i SFFK, og med utgangspunkt i desse intervjua har me forsøkt å finna likskapar og ulikskapar mellom spelarane sine erfaringar og sett på dei i lys av det som kom fram gjennom intervjuet med spelarutviklaren. Det kjem fram at ei enorm mengd av aktivitet, særleg knytt til fotball, har vore ein framtredande faktor for utviklinga til alle dei spelarane me har intervjua. Det har òg vist seg å vera godt samsvar mellom spelarane sine erfaringar, og spelarutviklaren sine tankar om og arbeid med talent i fylket i dag

    Similar works