thesis

Kreditor si lojalitetsplikt i kausjonsavtalar

Abstract

Oppgåva omhandlar kreditor si lojalitetsplikt ovarfor kausjonisten i kausjonsavtalar. Då finansavtalelova kom vart ein stor del av kausjonsavtalane regulert i lova, særleg kausjonar stilt til finansinstitusjonar. Samstundes er andre viktige kausjonar ikkje særskilt lovregulert, til dømes dei kausjonar som er praktiske i forretningslivet. Avhandlinga gjev ei utgreiing av reglane om kreditor si lojalitetsplikt, både for dei tilfelle som er omfatta av finansavtalelova og for dei tilfelle som fell utanfor. Hovudvekta ligg på kortid det inntrer ei lojalitetsplikt for kreditor og kva denne lojalitetsplikta eventuelt inneber

    Similar works