Årsliste 2008På oppdrag frå Direktoratet for naturforvalting, DN, har Norsk institutt for vannforsking, NIVA, gjennomført ein litteraturstudie/review av temaet forsuring av havet, med fokus på Norskehavet. Bakgrunnen er den aukande konsentrasjonen av CO2 i havet som følgje av antropogene utslepp til atmosfæren. Sidan førindustriell tid har pH i havet blitt redusert med ca 0.1, og det er rekna med vidare reduksjon på 0.1 -0.2 i pH dei næraste ti-åra, og reduksjon på inntil 0.5 - 0.7 fram mot år 2100. På lenger sikt kan havforsuringa bli alvorleg særleg for marine artar med kalkskal. For kaldtvasskorallar og nokre andre følsame nøkkelartar i økosystemet kan ein no vere i ferd med å passere tolegrensa. Rapporten konkluderer med at det fram til år 2025 på basis av dagens kunnskap ikkje kan forventast dramatiske effektar av forsuringa dersom prognosene for pH endring held stikk. Men det er noko uvisse knytt til prognosane og særleg til kunnskapen om effektar, slik at endringar kan kome tidlegare enn venta. Det er tilrådd å auke fokuset på problemet ved å styrke forsking og overvaking og internasjonalt samarbeid på området. Informasjon om temaet bør formidlast nasjonalt og då særleg blant offentlege organisasjonar og næringar.Direktoratet for naturforvaltning