Arbeidsinkludering for personar med funksjonsnedsetjingar. Ein diskursanalyse av avisartiklar si framstilling av funksjonshemming og arbeid

Abstract

Dette er ein kort introduksjon til masteroppgåva. Oppgåva er eit empirisk, kvalitativt litteraturstudium, som bygger på diskursanalytisk metode. Føremålet er å avdekke korleis personar med funksjonsnedsetjingar blir framstilt i media, ved å studere korleis makt i språk kan komme til uttrykk. Sjølve analysen er gjort av sju nyheitsartiklar frå ulike aviser, og er blitt sett i samanheng med teori forankra i bøker, forskingsartiklar og offentlege dokument. Personar som har funksjonsnedsetjingar er ei stor og samansett gruppe. Sjølv etter mange år med satsing for å få fleire i arbeid, er det urovekkande å lese at det framleis er eit mindretal som er i jobb. Normalitet og avvik, og låge krav og forventingar, er viktige omgrepspar som er synlege i avisartiklane, saman med omgrep som eksotisering, generalisering og funksjonsnedsetjing som tilleggskompetanse i arbeidslivet. Etisk medvit, menneskesyn og menneskeverd spelar ei sentral rolle i forståinga av korleis fordommar, haldningar og diskriminerande praksisar viser seg. Problemstilling og forskingsspørsmål er forsøkt svart med kritisk refleksjon som tyngdepunkt gjennom heile masteroppgåva

    Similar works