Forslag til skjøtselsplan for det heilskaplege kulturlandskapet i Erdalen, Jostedalsbreen Nasjonalpark er utarbeidd på oppdrag frå Jostedalsbreen Nasjonalparkstyre. Denne rapporten inneheld både ein Generell Del (Bele mfl. 2017) og ein Spesiell Del for områda ved Erdalssetra og Vetledalssetra, utarbeidd i 2022. I Generell Del vert det skildra kva ein skjøtselsplan inneheld, døme på ulike kulturavhengige naturtypar, omsyn ein må ta i høve til kulturminne og aktuelle restaurerings- og skjøtselstiltak som tek vare på heilskapen i landskapet. Spesiell Del skildrar tilhøva og verdiane omkring Erdalssetra og Vetledalssetra spesifikt, slik som forvaltingsstatus, brukshistoria til landskapet, registrerte kulturminne, kulturavhengige naturtypar og det biologiske mangfaldet. Det er valt ut referanseområde for dei ulike naturtypane i skjøtselsplanområdet og definert bevaringsmål, skildra skjøtsels-tiltak og gjeve forslag til ei prioritert tiltaksliste. Rapporten er utarbeidd som eit forslag til Jostedalsbreen Nasjonalparkstyre.publishedVersio