Forslag til skjøtselsplan for heilskapleg kulturlandskap – Bødalen i Jostedalsbreen nasjonalpark, Vestland fylke

Abstract

Arbeidet med å utarbeide eit forslag til skjøtselsplan for det heilskaplege kulturlandskapet i Bødalen og ved Bødalssetra, Jostedalsbreen Nasjonalpark er gjennomført på oppdrag frå Jostedalsbreen Nasjonalparkstyre. Denne rapporten inneheld både ein Generell Del (Bele m.fl. 2017) og ein Spesiell Del for Bødalen utarbeidd i 2022. I Generell Del vert det skildra kva ein skjøtselsplan er, ulike kulturavhengige naturtypar, omsyn til kulturminne og aktuelle restaurerings- og skjøtselstiltak i slike heilskaplege kulturlandskap. Spesiell Del skildrar tilhøva og verdiane i Bødalen og ved Bødalsetra meir spesifikt, slik som forvaltingsstatus, brukshistoria til landskapet, registrerte kulturminne, kulturavhengige naturtypar og det biologiske mangfaldet. Det er valt ut referanseområde for dei ulike naturtypane og definert bevaringsmål. Skjøtselsbehovet i dei ulike naturtypane er skildra meir i detalj og det er gjeve forslag til ei prioritert tiltaksliste. Rapporten er utarbeidd som eit forslag til Jostedalsbreen NasjonalparkstyreForslag til skjøtselsplan for heilskapleg kulturlandskap – Bødalen i Jostedalsbreen nasjonalpark, Vestland fylkepublishedVersio

    Similar works