research

Risikofylt leik i barnehagen: kvalitativ undersøking av barnehagelæraren si vurdering av risiko og tryggleik i barns viltre leik

Abstract

For fagoppgåva i pedagogikk har eg valt temaet «Risikofylt leik i barnehagen». Oppgåva byggjer på ei kvalitativ undersøking med bakgrunn i problemstillinga «Korleis vurderer barnehagelæraren risiko og tryggleik i barns viltre leik?». Bakgrunnen for val av tema er at man i dagens samfunn er svært opptatt av tryggleik for barna i barnehagen samtidig som barna skal få utfalde seg i ulike typar leik, deriblant risikofylt leik. Formål med oppgåva er å utvikle forståing for barnehagelærarens tenkemåtar i forhold til risiko, risikovurdering og risikofylt leik og finne ut korleis ein som barnehagelærar i praksis kan leggje til rette for risikofylt leik samtidig som barns tryggleik er ivaretatt. Undersøkinga vart gjennomført i form av intervju og dokumentstudie. Resultata av undersøkinga viser at den vaksne er svært viktig for tilrettelegging av risikofylt leik. Barnehagelæraren sin kunnskap, erfaring og evne til refleksjon samt evne til å delta på barn premisser er viktige verktøy for å kunne leggje til rette for risikofylt leik i barnehagen

    Similar works