Bruk av informasjons- og kommunikasjonsteknologi i næringslivet 1999

Abstract

Denne rapporten skildrar bruken av informasjons- og kommunikasjonsteknologi i næringslivet i 1999. Resultata byggjer på ei utvalsbasert undersøking som Statistisk sentralbyrå gjennomførte kring årsskiftet 1999/2000. Undersøkinga femna om nesten 5 000 private føretak. Definisjonar av tekniske uttrykk og omgrep presenterast i eit eige oversyn, men vert også gjorde greie for i dei enkelte kapitla. I 1999 hadde berre kvart tiande føretak med tilgang til Internett og minst ti sysselsette ei omsetning på minst 1 prosent av den totale omsetninga frå elektronisk handel via Internett. Bruk av informasjons- og kommunikasjonsteknologi var utbreidd i næringslivet ved utgangen av 1999. Så godt som alle føretak hadde teke i bruk informasjonsteknologi. Tilgangen til Internett var også stor. Resultata syner at 2 av 3 føretak hadde tilgang til Internett. Om lag 1 av 4 føretak hadde Intranett, medan under 1 av 10 brukte Ekstranett. EDI var ein mindre utnytta teknologi enn Internett. I 1999 brukte 1 av 5 føretak EDI. Publikasjonen finst også på heimesidene til SSB, http//www.ssb.no

    Similar works