research

Forprosjekt Individualisering av lagidrett

Abstract

Sogndal Fotball (SF) ønskjer å systematisere talentutvikling ved faktainnsamling og forsking av korleis den einskilde kan utvikle seg i eit lagspel. Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF) ønskjer å satse meir på fotballforsking. SF og HiSF har mål om at dei innan ein femårsperiode skal stå fram som dei fremste nasjonalt innan fotballforsking og talentutvikling .Målet skal nåast gjennom eit samspel der SF skal syte for teknologisk tilrettelegging og testing, tilgjengelegheit av utøvarar og ressurspersonar. HiSF skal saman med SF definere fagområder medan HiSF skal syte for forskinga på området, og gjennom databruk, studentoppgåver, forsking og undervisning, vise retningar som kan utvikle fotballtalenta. Hovudmål med forprosjektet er å definere Fagområde, teknologi og organisasjon ein bør satse på for i løpet av fem år og vera fremst nasjonalt innan fotballforsking og talentutvikling

    Similar works