Denne oppgåva handlar om åtte kvinnelege innsette sine historier om sine liv. Studien byggjer på empiri frå samtaler med desse kvinnene. Ønsket om å snakke med innsette kvinner var tufta på statistikk som viser kor liten del av dei innsette i fengsel som er kvinner, og på antakinga om at dette kunne gjere kvinnene sine forteljingar til eit interessant forskingsfelt.
For å kunne seie noko generelt om dei åtte kvinnene sine bakgrunnar, går eg gjennom tidlegare forsking som eg ser som relevant for oppgåva sitt tema. Her legg eg særleg vekt på kvantitative levekårundersundersøkingar om innsette, men dreg også inn anna kvalitativ og kvantitativ forsking gjort i inn- og utland om innsette kvinner sine levekår og livssituasjonar.
For å setje kvinnene sine forteljingar inn i ein større samanhang, nyttar eg meg av sosialfilosofen Axel Honneth sin anerkjenningsteori. Honneth legg stor vekt på rolla anerkjenning spelar for individ si utvikling av sjølvforhold. Mangel på anerkjenning kan gjere det vanskeleg å oppnå sjølvforholda sjølvtillit, sjølvakting og sjølvverdsetjing, noko som ifølgje Honneth er essensielt for å kunne realisere seg sjølv og såleis leve eit godt liv. Vidare koplar eg Honneth si vektlegging av kor viktig ”mora” er for born sine fyrste leveår for å kunne utvikle det grunnleggande sjølvforholdet sjølvtillit, til nokre teoretiske bidrag om kjønna forventingar som vert stilt til kvinner som at dei skal vere andre-, familie- og omsorgsorienterte.
Analysen tek for seg kvinnene sine historier, og ser dei i lys av tidlegare forsking og teori. I det fyrste analysekapittelet ser eg kvinnene sine forteljingar om sine bakgrunnar og levekår ut frå temaa oppvekst, utdanning, arbeid, rusbruk, helse og familieforhold. Kvinnene fortel i større eller mindre grad om vanskelege forhold frå deira bakgrunnar, som foreldre med rusproblem, flytting til fosterheim, og mishandling. Eg vel difor å kalle dette kapittelet for "negativ overlast"
I det andre analysekapittelet søkjer eg å vise at negativ overlast fører til "negativt utfall", som eg kallar dette kapittelet. Eg byrjar med å setje søkjelys på episodar som kvinnene fortel om som synest å vere vendepunkt i deira liv. Nokre av vendepunkta handlar om kvinnene sitt fyrste møte med narkotika, andre handlar om mishandling, medan andre igjen handlar om hendingane som førte til at dei fekk sin fyrste fengselsstraff. Vidare ser eg på kva type lovbrot som kvinnene sit fengsla for, og kva dei fortel om eigen og andre sin kriminalitet, før eg avrundar med å sjå på negative følgjer som fengsling kan føre med seg, som skamkjensle og kvinnene sitt syn på seg sjølv som ofre eller gjerningspersonar.
I det tredje analysekapittelet ser eg først på kvinnene sine historier i lys av Honneth sin teori om anerkjenning. Gjennom å lytte til kvinnene sine forteljingar, stod Honneth sine tankar om kjærleik, rettar og solidaritet, samt sjølvtillit, sjølvakting og sjølvverdsetjing, fram som ein teori som kunne bidra til å forklare kvifor kvinnene si negative overlast førte til negative utfall. Dette kapittelet kallar eg for ”mangel på anerkjenning” av di det er anerkjenning nokre av kvinnene ser ut til å mangle. Kapittelet vert avrunda med nokre av kvinnene sine forteljingar om den gode mor, og den gode hjelpar. Desse forteljingane vert sett opp mot dei teoretiske bidraga om kjønna forventingar stilt til kvinner, som forventingen om at kvinner skal vere omsorgspersonar