Sporstoff-forsøk i Ranfjorden 2012-2013

Abstract

Rapporten omhandlar resultat av sporstoff-forsøk gjennomført av NIVA i Ranfjorden i 2012 og 2013, i samband med vurderingar for spreiinga av fin- og grovfraksjon avgangen frå malmoppredninga ved Rana Gruber. Eksisterande avgangsløysing med utslepp på 45 m (finfraksjon) og 30 m (grovfraksjon) har medført nedslamming av botnen i indre deler av fjorden, og spreiing av finstoffet i sjøen rundt. Sporstoff-forsøka vart gjennomført for å verifisere denne spreiinga. Finstoffet når i hovudsak ikkje grunnare enn 8 m djup for finfraksjon, og 25 m djup for grov. Det var sporadisk utslag for sporstoff nær overflata som kan vere assosiert med den finaste delen av finfraksjonen.Rana Gruber A

    Similar works