Evaluating water allocation within the water-energy-food nexus in the lowlands of Lesotho

Abstract

Vatn er ein av dei viktigaste naturressursane i Lesotho, eit land i det Sørlige Afrika. Samanlikna med områda omkring har høglandet av Lesotho relativ overflod av vatn. Dette gjer at vassressursane i Lesotho er av spesielt strategisk verdi. Lesotho Highlands Development Project, LHWP, dannar grunnlaget for vannressursforvaltning i Lesotho gjennom eksport av vatn til Sør-Afrika og vannkraftproduksjon. I låglandet av Lesotho er det derimot store vass-relaterte utfordringar. Størsteparten av befolkninga er busett der og tilgang på vatn er svært variabel på grunn av sesongvariasjonar og mangel på infrastruktur. Det er behov for vassforsyning til menneskeleg forbruk, jordbruksproduksjon og til produksjon av fornybar energi. Effektiv og skånsom forvaltning av vassressursane er vurdert som svært viktig for økonomisk vekst og berekraftig utvikling i Lesotho. Elva Hlotse ligger den nordvestlige delen av låglandet i Lesotho. Formålet med denne studien er å analysere ulike strategiar for vannressursforvatning og sjå på korleis dei kan påverke samanhengen mellom vatn, energi og matproduksjon i elva Hlotse. Eventuell påverkning nedstraums i vassdraget i elva Caledon er også vurdert. Oppgåva er løyst ved hjelp av eit modelleringsverktøy i programvaren Water Evaluation and Planning System (WEAP). Ulike scenario for planlagd og ønska framtidig utvikling innanfor forsyning av drikkevatn og vatning til jordbruk er definert og utforska i modellen. Det er også sett på effekt av reguleringstiltak som omfattar overføring av vatn til elva Hlotse frå dammen Katse. Vannkraftproduksjon og kraftverksregulering med magasiner i elva Hlotse er også vurdert. Resultata frå denne studien viser betydelig mangel, i hovudsak frå april til oktober, for framtidig drikkevannsforsyning og vatning til jordbruk dersom forsyninga skal basere seg på direkte uttak av tilgjengelig vatn i elva Hlotse. Simuleringane bekrefter at vassføringa i elva Hlotse og Caledon er svært avhengig av sesongmessige variasjonar både gjennom året og mellom ulike år. Dette demonstrerer at det er behov for reguleringstiltak for å sikre stabil vassforsyning, og at reguleringsbehovet for å møte krava ikkje er konstant. Modellsimuleringane indikerer at betydelege endringar i avrenning i elva Hlotse vil gi marginale effekter nedstrøms i vassdraget i elva Caledon. Simulering av vassoverføring til elva Hlotse frå dammen Katse i høglandet med volum innanfor eksisterande rammer i traktaten for LHWP på 3.75 MCM i året er ikkje tilstrekkelig for å møte framtidige behov for utvikling i elva Hlotse. Dette demonstrerer eit behov for planlegging og vurdering av driftsmønsteret for overføring til låglandet frå LHWP. Vidare er det behov for fleksibel overføring under ulike klimatiske forhold for å møte framtidige utviklingsbehov. Det er behov for å gjere vidare vurderingar på effekten av leveringssikkerheten av vassforsyning til Sør Afrika og den tilhøyrande traktaten. Vannkraftproduksjonen simulert i WEAP for det foreslåtte kraftverket i elva Hlotse, Hlotse HPP, er betydelig lågare enn anslått og funne til å utgjere kun 41% av forventa produksjon for det foreslåtte prosjektet. Resulta viser at magasina planlagt for Hlotse HPP kan gi positive fordelar og betre forsyningssikkerhet for nedstraums interesser, forutsett at utsleppa frå magasina blir justert for dette. Usikkerhetene knytta til modelleringa i denne studien viser at innsamling og behandling av data, både i mengde og kvalitet, og implementering av desse i eksisterande verktøy og planer er nødvendig for at slike modellar skal fungere som et effektivt verktøy. Resultata viser nytta av WEAP-modellen ved å kombinere ein hydrologisk modell med allokering av vatn til ulike formål. Modellen er vurdert til å fungere godt for sitt formål, som et supplerande hjelpemiddel for beslutningstaking innanfor vannressursforvaltning

    Similar works

    Full text

    thumbnail-image