Sjørøveri, kapring og represaliar - Maritim vald i nordisk seinmellomalder

Abstract

Samandrag I kapitel 2 ser me problem med ulovleg engelsk aktivitet. Kongen forsøkte å løyse problemet og når diplomatiske løysningar ikkje hadde nokon effekt, så forsøkte han seg med hardare tiltak og sette inn sjøkrigaren Olav Nilsson som høvedsmann i Bergen. I samarbeid med riksrådet og kongen utførte Olav arrestasjonar ute på sjøen og slo til fleire gonger mot engelske skip. I tradisjonell forsking skal han også ha kapra mange tyske skip, men dette ser me lite til i samtidig kjeldemateriale. Kapring av hanseatiske skip var derimot eit farleg alternativ. Mot hanseatarane var det derfor mest nytta juridiske og politisk-økonomiske tiltak for å innskrenka maktgrunnlaget deira i Noreg. Dette var i tråd med ønska til dei fleste i det norske riksrådet, byborgarane og kongen. Sistnemnde hadde likevel eit varierande forhald til hanseatarane og vart i periodar veldig avhengig av deira støtte i krigen i Sverige. Det var etter at han mista kongens støtte at Olav Nilsson og mange andre vart drepen i Bergen i 1455. Etter drapa vart godset hans plyndra og verdisaker som han hadde deponert i Stavanger domkyrkje vart også tatt. Ganske snart klaga kona hans, Elise, til byrådet i Lübeck på hendingane og kravde erstatning for drapa og å få tilbake det som vart tatt. Ho fekk ikkje noko hjelp her og fekk lite støtte frå kongen. Familien forsøkte, saman med det norske riksrådet, å mekle med kongen for å få erstatning for drapa og få tilbakeført verdiane utan å lukkast. Nokre år seinare ser me at dei byrja å kapre hanseatiske skip for å ta tilbake verdiane på eiga initiativ. Ei verksemd me kjennar som «Represaliar». For å få til ein effektiv kaperkrig mot hansaveldet, var dei avhengige av støtte frå andre, først og fremst for beskyttelse mot kontrarepresaliar. Eg har i dette kapitelet vurdert at dei mest sannsynleg fekk denne støtta i Sverige der dei allereie hadde gode kontaktar, og det eksisterte dessutan ei omfattande kaperverksemd mot hanseatiske skip her. Dette samarbeidet med svenske aktørar kan ha vært grunnen til at kongen trakk tilbake klagane dei hadde mot hanseatarane. Han tar også frå dei godset i Ryfylket. Den politiske situasjonen endra seg når Hans blir konge. Frå han får dei støtte og autorisasjon til å kapre mot hanseatiske skip då kongen ønska å utvide det nordiske handelsveldet og svekke hanseatarane ytterlegare. På 1490-talet dreiv både Aksel og Magdalena med mykje kapring mot Lübeck. Kapringane ser likevel ut til å avta etter midten av 1490-talet. Først i 1513 klarar barnebarnet til Olav og Elise å få tilbakeført dei siste klenodiane som var tatt. Under både kong Hans og kong Kristian II, ser me eit fiendtleg forhald til Lübeck samstundes som dei forsøkte å auke makta til borgarstanden og kjøpmennene i Norden. Dette skjedde også på bekostning av adelsstandens maktgrunnlag og under Kristian II sitt styre vart forhaldet mellom konge og adel dårleg. Kristian vart endeleg sagt opp i 1523 og måtte flykte til Nederland der han snart byrja med kaperverksemd for å forberede seg på å ta tilbake riket han meinte at han hadde rett på. Den nye kongen, Fredrik I, førte eit langt mindre sentralisert kongestyre. Fredrik hadde store utfordringar med å få kontroll over heile riket innanriks, og samstundes hadde han også utanrikspolitiske utfordringar med eit spent forhald til Sverige, Nederland, Skottland og Hanseatarane, men klarte å få eit noko venleg forhald til alle desse gjennom forsiktig og forsonande utanrikspolitikk. Den store trusselen kom frå mennene til Kristian II som kapra og førte krig og opprør i riket. Innanriks var tilstanden i Noreg usikker for kongen der det norske riksrådet ønska seg mest mogleg sjølvstyre samstundes som kongen ønska seg meir lojale menn i viktige norske len. Etter å ha slått ned på opprøra og kapringane til Søren Nordby, kunne kongen fokusere meir på Noreg og lukkast med å få inn kongelojale menn i dei viktigaste lena sønnanfjells. Nordanfjells var kongelojaliteten framleis usikker sjølv om aristokratiet også her hadde hylla han når han vart konge. Kongen hadde lite eigne militære ressursar og måtte støtte seg på aristokratiets eigne militære ressursar. Mot Kristian II sine menn, som kapra langs kysten av Noreg, støtta han seg derfor på det norske aristokratiet nordanfjells som samla ein flåte til å krige mot desse kaprarane. På dette tidspunktet aksjonerte kongen samstundes mot Akershus og tvinga inn ein meir kongelojal mann til å vere høvedsmann her. Den norske flåten vart derfor heldt igjen i Bergen av Vincens Lunge for å forsvare seg mot mogleg aksjon frå kong Fredriks menn også her. Fredriks menn kom aldri og flåten byrja i staden for å kapre nøytrale, utanlandske skip, noko som kan sjåast på som ulovlege kapringar. Det kan vere fleire grunnar til at desse kapringane vart utført, men konsekvensane i ettertid vart negativt for aktørane og for det norske aristokratiet nordanfjells, uavhengige om dei hadde tatt del i handlingane eller ikkje

    Similar works

    Full text

    thumbnail-image