research

Forslag til endring av retningslinje for behandlingslengde av mild til moderat samfunnserverva pneumoni i sjukehus

Abstract

BAKGRUNN Det eksisterer mange ulike retningslinjer for kor lang antibiotikabehandling av samfunnserverva pneumoni (SEP) i sjukehus bør vera. Kortare behandlingstid vil kunna ha fordeler økonomisk, helsemessig og med høve til resistensutvikling. Me ser i oppgåva på eksisterande retningslinjer for lengda av antibiotikabehandling av vaksne pasientar med mild til moderat SEP i norske sjukehus i dag, og vil gå gjennom det vitskaplege grunnlaget for desse. Me ser òg på behovet for å laga og implementera ny retningslinje på bakgrunn av ny kunnskap. METODE Søk i www.helsebiblioteket.no gav norske retningslinjer. Det vart funne to relevante metaanalysar om behandlingslengd via søk i Pubmed, likeeins artiklar som omhandla samfunnsmessige konsekvensar av kortare behandlingslengd. RESULTAT Norske retningslinjer tilrår alle behandling i 7-10 dagar ved mild til moderat SEP. Metaanalysane viser at kortare behandlingslengde (7 dagar eller mindre) er likeverdig med lengre (over 7 dagar) med omsyn til symptomfridom og tilbakefall. Me føreslår implementering av ny retningslinje med behandlingslengde 7 dagar eller mindre. FORSLAG TIL IMPLEMENTERING OG EVALUERING I implementering og evaluering av retningslinja i sjukehusavdeling føreslår me å bruka prosessindikator og registrera delen pasientar som får langtidsbehandling versus kortisdbehandling ved hjelp av sjekkliste, med evaluering etter 6 månader. Som organiseringsmodel for betringsprosjektet nyttar me Demings kvalitetshjul. KONKLUSJON Kortare behandklingstid er like effektiv som lang. Innføring av ei oppdatert retningslinje vil kunna bidra til å halda norske resistensforhold på eit lågt nivå, og gjev òg potensielt kortare liggetid, tidlegare mobilisering av pasienten og færre biverknader, med føremoner både samfunnet og for pasiengruppa

    Similar works