thesis

Motivert for utvikling : motivasjon, deltaking og kommunikasjon i eit organisasjonsutviklingsprogram i skulen

Abstract

I denne oppgåva har eg studert motivasjon, deltaking og kommunikasjon i samband med eit organisasjonsutviklingsprogram for utdanningsinstitusjonar. Målet med undersøkinga er å finne ut i kva grad dei tilsette er motiverte for å gjennomføre dette programmet, og kva som er motivasjonsfaktorar. Spesielt har eg fokusert på deltaking og kommunikasjon (sosiale forklaringar). Datagrunnlaget er hovudsakleg kvalitative intervju med fire tilsette og to rektorar, på to skular. Heile programmet er basert på deltaking frå dei tilsette, og funna tyder på at dette er eit viktig vilkår for motivasjonen. I tillegg til støtte for eksisterande teori om deltaking og sosiale forklaringar, har eg også funne nye moment. Glede ved prosessen og styrka identitet og forplikting til yrket har vore viktige motivasjonsfaktorar. Programmet har også skapt ein ny arena for kommunikasjon og læring blant dei tilsette. Motivasjonen er ikkje avhengig av at ein får dei resultata som er forventa av programmet, men heller ein ibuande del av prosessen

    Similar works