Praktiske fag kan somme tider framstå som ein pariakaste ved universiteta. Vitskapsideala som er utvikla over fleire hundre år inneber at det er like viktig å vita korleis me kan vita, som faktisk å vita. Kunnskap skal vera objektiv og etterprøvbar og helst kontekstfri. Praktiske fag vert dregne i eit dilemma mellom vitskaplege ideal og praktisk relevans. Mange profesjonsfag har etter kvart ein rik litteratur om dette problemet, der ein utviklar epistemologiar som er likeverdige med dei konvensjonelle vitskapane, men som tek omsyn til skilnaden mellom fag som skildrar verda og fag som endrar verda. Dette har i liten grad vore drøfta innanfor programutvikling, og her skal me sjå på korleis eksisterande metode og epistemologi frå design kan vera relevant for programutvikling generelt og smidige metodar spesielt. Vidare skal me drøfta korleis denne innsikta er relevant for undervising og vurdering