Lars S. Vikør: Nynorske nedslag. Ei artikkelsamling. 2018.

Abstract

Lars Vikørs seinaste bok har namnet Nynorske nedslag. Ei artikkelsamling og er gjeven ut i 2018. Boka er ei samling på heile 22 artiklar innan nord-isk språkvitskap. Som Vikør sjølv seier i føreordet, inneheld boka ‘over-skytande’ artiklar som ikkje blei med i festskriftet Språk og samfunn – heime og ute. Festskrift til Lars S. Vikør 65 år, som òg inneheld jubilanten sine eigne artiklar og er gjeven ut på Novus forlag i 2011. Ein kan slik kanskje få eit inntrykk av at det ikkje er forfattaren sine føretrekte ar-tiklar vi møter i Nynorske nedslag, og at han snakkar boka si litt ned inn-leiingsvis. Dét er det ingen grunn til, for boka spenner vidt og inneheld noko for alle som er opptekne av norsk språk og språk generelt. Artiklane har nyttige ingressar som seier kor dei først vart publiserte, og kva end-ringar som eventuelt er gjort. Eit par artiklar er nyskrivne for denne boka. Tekstutvalet er avgrensa til nordistikken, og alle artiklane er norskspråk-lege og på nynorsk. I tillegg er dei fleste plasserte innanfor emneområdet ‘nynorsk framvokster i vår tid’. Dette er ifølgje forfattaren òg grunnen for valet av tittel på boka, som elles òg kunne konnotere andre emne-område innan nordistikken. Eg vil her gjere ei inndeling av artiklane etter kva overordna felt innan språkvitskapen dei handlar om, og så gje eit riss av innhaldet i ein del av artiklane slik at lesaren kan danne seg eit heilskapleg inntrykk av boka og få litt hjelp til å velje ut dei artiklane som kan vere av interesse

    Similar works