160 research outputs found

    Vegetasjon og beite i Oppdal østfjell

    Get PDF
    Oppdal østfjell har i lange tider vore kjent for ein rik fjellflora dit botanikarar har valfarta. Næringsrik berggrunn er viktigaste årsak til det store artsmangfaldet her. Berggrunnen skapar også grunnlag for eit uvanleg godt beite for husdyr og villrein – noko av det beste fjellbeitet som finst i Sør-Noreg

    Vegetasjon og beite i Oppdal østfjell

    Get PDF
    Oppdal østfjell har i lange tider vore kjent for ein rik fjellflora dit botanikarar har valfarta. Næringsrik berggrunn er viktigaste årsak til det store artsmangfaldet her. Berggrunnen skapar også grunnlag for eit uvanleg godt beite for husdyr og villrein – noko av det beste fjellbeitet som finst i Sør-Noreg

    Vegetasjon og beite i Vangrøftdalen, Kjerrudalen og kringliggande fjellomrade. Rapport frå vegetasjonskartlegging i Os kommune

    Get PDF
    Vegetasjonskart gjev eit bilete av den mosaikken av vegetasjonstypar som det naturlege plantedekket består av. Ein vegetasjonstype er ei karakteristisk samling planteartar som vil gå att på lokalitetar med like veksetilhøve. Ei oversikt over utbreiinga av vegetasjonstypar gjev oss på denne måten informasjon også om variasjonen i økologiske faktorar (klima, næring og vatn i jorda, snødekke og kulturpåverknad) i eit område. I tillegg kan kvar vegetasjonstype tilleggast eigenskapar med omsyn til ulik ressursutnytting og bruk (beite, slitestyrke for ferdsel, artsmangfald m.m.). I Vangrøftdalen, Kjurrudalen og kringliggande fjellområde er det vegetasjonskartlagt eit areal på 297 km² på oppdrag frå Os kommune. Kartlegginga er gjort etter Skog og landskap sin instruks for vegetasjonskartlegging i M 1:20 000 - 50 000. Det er framstilt vegetasjonskart og 3 avleia temakart kring husdyrbeite og biologisk mangfald. Omlag 1/3 av kartleggingsområdet ligg i bjørkebeltet frå 670 m o.h. til skoggrensa på vel 900 m. Det meste av arealet over skoggrensa ligg i høgder opp til 1100 m. Nokre toppar når over 1200 m. Høgast av alle når sjølve landemerket for området, Forollhogna, med 1332 m. Området har eit typisk innlandsklima med kald vinter og varm sommar i høve til høgda. Årsnedbøren i bygda ligg rundt 500 mm. Lett vitterlege bergartar dominerer berggrunnen og gjev næringsgrunnlag for frodig plantevokster. Området har jamt lausmassedekke. […

    Vegetasjon og beite i Øyungen landskapsvernområde. Rapport frå vegetasjonskartlegging i Holtålen kommune

    Get PDF
    Vegetasjonskart gjev eit bilete av den mosaikken av vegetasjonstypar som det naturlege plantedekket består av. Ein vegetasjonstype er ei karakteristisk samling planteartar som vil gå att på lokalitetar med like veksetilhøve. Ei oversikt over utbreiinga av vegetasjonstypar gjev oss på denne måten informasjon også om variasjonen i økologiske faktorar (klima, næring og vatn i jorda, snødekke og kulturpåverknad) i eit område. I tillegg kan kvar vegetasjonstype tilleggast eigenskapar med omsyn til ulik ressursutnytting og bruk (beite, slitestyrke for ferdsel, artsmangfald m.m.)...publishedVersio

    Vegetasjon og beite i beiteområdet til Marsjødrifta beitelag

    Get PDF
    Norsk institutt for bioøkonomi utførte sommaren 2017 vegetasjonskartlegging av beiteområdet til Marsjødrifta beitelag i Folldal kommune. Samla areal var 114 km². Kartlegginga er gjort etter instruks for kartlegging i målestokk 1:20 000 - 50 000 (VK50). Det er laga vegetasjonskart og 2 avleia temakart for beite for sau og storfe. Denne rapporten beskriv metode for kartlegging, registrerte vegetasjonstypar og deira fordeling i området. Det er gjeve ein omtale av beiteverdi og beitekapasitet, samt nokre råd kring skjøtsel av kulturlandskap og beite i kartområdet.publishedVersio

    Vegetasjon og beite på Golsfjellet. Rapport frå vegetasjonskartlegging

    Get PDF
    På Golsfjellet er det vegetasjonskartlagt eit areal på 105 km². Det meste av arealet ligg i fjellskogen, men større areal av snaufjell finst. Kartlegginga er utført etter NIJOS sitt system for vegetasjonskartlegging i M 1:50 000. Det er framstilt vegetasjonskart og 2 avleia temakart kring beitetilhøve. Rapporten beskriv metode for arbeidet og gjev ei nærare omtale av registrerte vegetasjonstypar og korleis desse fordeler seg i området. Det er gjeve spesiell omtale av beitetilhøva for husdyr og tiltak for skjøtsel av utmarksbeite.publishedVersio

    Vegetasjon og beite i Sør-Fron vestfjell - Ryssland-Skurdal, Nordre Lia og Søre Lia grunneigarlag. Rapport frå vegetasjonskartlegging

    Get PDF
    Norsk Institutt for jord- og skogkartlegging (NIJOS) har vegetasjonskartlagt eit område på 234 km² i Sør-Fron kommune i Oppland. Kartlegginga omfattar grunneigarlaga Ryssland - Skurdal, Nordre Lia og Søre Lia, og er utført på oppdrag frå Fron idèforum. Målet med kartlegginga er å skaffe grunnlag for fleirbruksplanlegging i eit område med fleire sterke arealinteresser som beite, reiseliv/friluftsliv og hytteutbygging. Det meste av arealet ligg i bjørkeskogbeltet, noko går ned i barskogen og mindre areal er snaufjell. Kartlegginga er utført etter NIJOS sitt system for vegetasjonskartlegging i M 1:50 000. Det er framstilt vegetasjonskart og 5 avleia temakart. Rapporten beskriv metode for arbeidet og gjev ei nærare omtale av registrerte vegetasjonstypar og korleis desse fordeler seg i området. Det er også gjeve omtale av kva informasjon som kan avleiast frå vegetasjonskartet med spesiell vekt på beiteforhold for husdyr.publishedVersio

    Vegetasjon og beite i Kvikne vestfjell

    Get PDF
    Norsk institutt for bioøkonomi utførte sommaren 2015 vegetasjonskartlegging i Kvikne vestfjell i Tynset kommune. Samla areal var 137 km². Kartlegginga er gjort etter instruks for kartlegging i målestokk 1:20 000 - 50 000 (VK50). Det er laga vegetasjonskart og 2 avleia temakart for beite for sau og storfe. Denne rapporten beskriv metode for kartlegging, registrerte vegetasjonstypar og deira fordeling i området. Det er gjeve ein omtale av beiteverdi og beitekapasitet, samt nokre råd kring skjøtsel av kulturlandskap og beite i kartområdet.The vegetation types over a total of 137 km2 of mountain areas in Tynset municipality have been mapped according to the methodology for vegetation mapping (scale 1:20 000 - 50 000). 34% of the mapped area is in the subalpine zone. The rest is in the open mountain up to 1220 m a.sl. A vegetation map has been produced, from which 2 different thematic maps have been derived. This report describes the methodology and gives a detailed description of the registered vegetation types and their distribution in the area. Further, a description of other information which could be derived from the vegetation map is provided, with emphasis on grazing conditions for domestic animals

    Skjøtsel av fjellbjørkeskog for husdyrbeite

    Get PDF
    I Skandinavia dannar fjellbjørkeskog eit belte mellom barskogen si øvre grense og snaufjellet. Dette beltet kan vera frå 100- 200 høgdemeter. Fleire sterke arealbruksinteresser er knytt til fjell bjørkeskogen. Tradisjonelt har mykje av norsk seterbruk foregått her. Husdyrbeiting i utmark blir fortsatt drive i stort omfang. Fjellbjørkeskogen er viktig også for fl eire ville dyr og fuglar som lever i overgangssona mellom snaufjell og skog. Mykje av reiseliv knytt til fjellet har basis i fjellbjørkeskogen der det meste av faste anlegg er lokalisert. Det same gjeld privat hyttebygging og andre anlegg knytt til friluftsliv og rekreasjon

    Husdyrbeite i fjellet - Vegetasjonstypar og beiteverdi

    Get PDF
    Rapporten gjev ein oversikt over vegetasjonstypar i fjellet og kva beiteverdi desse representerer for husdyr. Typeinndelinga følgjer NIJOS sitt system for vegetasjonskartlegging i målestokk 1:50 000.Innleiingsvis blir det gjeve ei meir generell innføring i kva som avgjer beiteverdien til eit areal og korleis beitekvalitet og kapasitet kan vurderastpublishedVersio
    corecore